Kalemie
Kalemie | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Kalemie | |||
Wikimedia Commons: Kalemie | |||
Kalemie (fram til 1966 kalla Albertville/Albertstad) er ein by i Kongo som ligg på vestbreidda av Tanganyikasjøen. Han hadde 147 065 innbyggjarar i 2005, og er hovudstaden i Tanganyikaprovinsen.
Byen er eit endepunkt for jernbana Kamina–Kabalo–Kalemie, og ein hamneby med ein god del av utanrikshandelen i landet. Kalemie har også ei lufthamn. Ein viktig næringsveg er tekstilindustrien, men det vert også drive noko fiske.
Byen vart grunnlagd i 1891.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Kalemie» hjå Store norske leksikon, innhenta 5. juli 2010 (lisensiert under CC-BY-SA).
- «Kalemie» på Wikipedia på tysk, innhenta 5. juli 2010.