Tanganyikasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tanganyikasjøen
innsjø
Envisat sees Lake Tanganyika ESA219901.jpg
Land Flag of Burundi.svg Burundi, Flag of the Democratic Republic of the Congo.svg Kongo Flag of Tanzania.svg Tanzania, Flag of Zambia.svg Zambia
Innsjøtype Riftdalsjø
Tilsig Ruzizi
Malagarasi
Kalambo
Utløp Lualaba
Nedslagsfelt 231 000 km²
Høgd over havet 773 moh.
Lengd 673 km
Breidd 72 km
Areal 32 900 km²
Middeldjupn 570 m
Største djupn 1 470 m
Volum 18 900 km³
Kystlengd1 1 828 km
Koordinatar 5°30′S 29°30′E
Byar Kigoma i Tanzania
Kalemie i Kongo

Tanganyikasjøen
6°30′0″ S 29°49′0″ E
Lake Tanganyika map.png
Wikimedia Commons: Lake Tanganyika
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Tanganyikasjøen er ein av dei store sjøane i Afrika.[1] Innsjøen er delt mellom dei fire landa Burundi, Kongo, Tanzania og Zambia, der dei største delane av han ligg i Kongo (45 %) og Tanzania (41 %). Vatnet i innsjøen renn ut i elvesystemet til Kongoelva, og til slutt ut i Atlanterhavet.

Tanganyikasjøen er estimert til å vere den nest eldste og den nest djupaste ferskvassjøen i verda, begge etter Bajkalsjøen i Sibir.[2][3]

Namn[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste europearane som kom til sjøen, Richard Burton og John Hanning Speke i 1858, og meinte at namnet kunne koma frå det lokale uttrykket kou tanganyika, ‘å møta’. Dette kunne kanskje visa til at mange elvar rann ut i han, eller at ulike folkegrupper møtte kvarandre her.[4]

«Tanganika» blei brukt om innsjøen då Henry Morton Stanley utforska han frå Ujiji i 1876. Han skreiv at dei lokale innbyggjarane ikkje var sikre på tydinga av namnet, men kunne bruka det om særs store sjøar. Sjølv meinte han at det truleg tydde noko slikt som 'den store innsjøen spreidde seg som ei slette' eller 'sletteaktig innsjø'.[5]:Vol.Two,16

Stanley fekk også høyra andre namn på sjøen frå andre folkegrupper, og skreiv av folk frå Marungu kalla han Kimana, dei frå Urungu kalla han Iemba og dei frå Wakawendi kalla han Msaga, 'den urolege sjøen'[6].

Ein har også spekulert i om namnet kan ha samband med hamnebyen Tanga i aust.[7]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Breidda av sjøen i nærleiken av Kigoma.

Innsjøen ligg i Albertine-rifta i den vestlege delen av Riftdalen, og er omgjeven av høge fjell. Han er den største riftsjøen i Afrika, og den nest største innsjøen i verda etter volum. Innsjøen er den djupaste i Afrika, og i tillegg den innsjøen med størst volum. Han strekkjer seg 673 km frå nord til sør, og er i snitt 50 km brei. Innsjøen dekkjer eit areal på 32 900 km², og har ei kystlinje på 1 828 km. I snitt er Tanganyikasjøen 570 meter djup, og på det djupaste 1 470 meter (i nord). Det er estimert at innsjøen inneheld 18 900 km³ vatn,[8] 16 % av det tilgjengelege ferskvatnet i verda. Middeltemperaturen i overflata er 25 °C, og det har ein pH på 8,4 i snitt. I botn av sjøen er det om lag eit 4 500 meter tjukt lag med sediment over grunnfjellet.

Det enorme djupet og den tropiske plasseringa til innsjøen hindrar sirkulasjon i vassmassane, som gjer at mykje av vatnet i djupare lag er såkalla fossilt vatn og manglar oksygen (anaerobt vatn). Tilsigsområdet til innsjøen dekkjer eit areal på 231 000 km², med to store elvar som munnar ut i innsjøen, talrike mindre elvar (på grunn av dei bratte fjella som hindrar eit stort tilsigsområde), og ei stor elv ut av innsjøen, Lukuga, som er ei av sideelvene til Kongoelva.

Dei største elvane som munnar ut i innsjøen er Ruzizi og Malagarasi. Ruzizi kjem frå Kivusjøen og munnar ut i nordenden av sjøen.[9] Malagarisi er den nest største elva i Tanzania og renn ut i Tanganyikasjøen i aust.[9] Malagarasi er eldre enn Tanganyika sjøen og var tidlegare ein del av Kongoelva.[10]

Nedbør og fordamping speler ein større rolle i vassinnhaldet enn elvene. Minst 90 % av vasstilførsla kjem frå regn på overflata til sjøen, og minst 90 % av vasstapet kjem frå direkte fordamping.[10]

Øyar[endre | endre wikiteksten]

Det ligg fleire øyar i sjøen. Dei viktigaste er:

  • Kavala (DRC)
  • Mamba-Kayenda (DRC)
  • Milima (DRC)
  • Kibishie (DRC)
  • Mutondwe (Zambia)
  • Kumbula (Zambia)

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Tanganyika er ein gammal innsjø. Dei tre bassenga hans, som i periodar med mykje lågare vasstand var separate innsjøar, har ulike aldrar. Den midtre byrja å bli danna for 9–12 millionar år sidan, den nordlege for 7–8 millionar år sidan og den sørlege for 2–4 millionar år sidan.[11]

Innsjøen har ei kompleks historie med skiftande straummønster på grunn av den høge plasseringa si, den store djupna, den langsame påfyllingshastigheiten og plasseringa si i fjella i eit turbulent vulkansk område som har gått gjennom klimaendringar. Tilsynelatande har han sjeldan hatt eit utløp til havet i tidlegare tider. Han har difor blitt skildra som «praktisk endorheisk».

På grunn av den tropiske plasseringa si fordampar vatn raskt frå innsjøen. Derfor er han avhengig av eit høgt tilsig gjennom Ruzizi ut frå Kivu-sjøen for å halda vasstanden høg nok til å renna over. Denne utstrøyminga er tilsynelatande ikkje meir enn 12 000 år gammal, og kjem av lavastraumar som blokkerer og omdirigerer den tidlegare utstrøyminga til Kivu-bassenget inn i Edwardsjøen og deretter Nilen, og omdirigerer han til Tanganyikasjøen i staden. Teikn på gamle strandlinjer tyder på at Tanganyika til tider kan ha hatt ein opptil 300 meter lågare vasstand enn det noverande overflatenivået sitt, utan utløp til havet. Sjølv det noverande utløpet er tidvis avbrote, og det er mogleg at det ikkje var verksamt då dei fyrste vestlege oppdagingsreisande vitja sjøen i 1858.

Innsjøen kan òg til tider ha hatt forskjellige inn- og utløp; innstrøyming frå ein høgare Rukwa-sjø, tilgang til Malawisjøen og ein utfartsveg til Nilen har alle blitt foreslått å ha eksistert ein gong i historia til sjøen.[12]

Sambandet mellom innsjøen og havet er avhengig av ein høg vasstand som gjer at vatnet kan strøyma ut av innsjøen gjennom Lukuga-elva til Kongo. Når dette ikkje er tilfellet er utløpet blokkert av sandbankar og massar av vegetasjon, og i staden er denne elva avhengig av sine eigne bielvar, særleg Niemba-elven, for å oppretthalda vasstraumen.[10]

Vasskarakteristikkar[endre | endre wikiteksten]

Luftfoto av Tanganyikasjøen.

Vatnet i sjøen er basisk med ein pH på rundt 9 på 0-100 meters djupne.[13] Under denne djupna er han rundt 8,7 og går gradvis ned til 8,3–8,5 i dei djupaste delane av Tanganyika.[13] Eit liknande mønster kan ein sjå når det gjeld elektrisk konduktivitet, frå rundt 670 μS/cm i den øvre delen til 690 μS/cm på den djupaste.[13]

Overflatetemperaturar går vanlegvis frå rundt 24 °C i sørdelen av sjøen tidleg i august til 28-29 °C seint i regntida i mars—april.[14] På djupner over 400 m (1 300 ft) ligg temperaturen stabilt på 23,1-23,4 °C.[15] Vatnet har gradvis blitt varmare sidan 1800-talet, og dette har akselerert i lag med global oppvarming sidan 1950-talet.[16]

Vatnet i sjøen er lagdelt, og han er meromiktisk, det vil seia det vanlegvis ikkje føregår sesongmessig blanding under djupner på 150 meter.[14] Blandinga som finst skjer vanlegvis på grunn av oppvelling i sørdelen og er driven av vind, men det skjer også mindre opp- og nedvellingar i andre delar av sjøen.[17] På grunn av denne varige lagdelinga innhelde dei djupe delane av sjøen «fossilt vatn».[18] Det tyder også at det ikkje er oksygen i dei djupe delane (han er anoksisk), slik at fisk og andre aerobiske organismar berre kan leva i dei øvre delane. Det finst geografiske variasjonar til denne avgrensinga, men ho er typisk på djupner rundt 100 m i norddelen av sjøen og 240-250 m i sør.[19][20] Dei djupaste delane av sjøen inneheld store mengder giftig hydrogensulfid, og inneheld nesten ikkje liv,[2] bortsett frå bakteriar.[13][21]

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Neolamprologus cylindricus, ein av mange ciklideartar i Tanganyika

Sjøen ligg på skiljet mellom den austlege og vestlege planteregionen i Afrika. Langs breidda av sjøen veks oljepalmar, som er typisk vestafrikanske.[22] Det er eit rikt fugleliv rundt sjøen, og det lever mange flodhestar her.[22] I tillegg har han ei rekkje ulike artar som heilt eller hovudsakleg lever under vatn, mellom anna eit stort tal hovudsakleg endemiske ciklidar.

Reptil[endre | endre wikiteksten]

I Tanganyikasjøen og våtlandsområde i nærleiken finn ein nilkrokodille (mellom anna den kjende kjempekrokodillen Gustave), fleire halsvendarskjelpadder (Pelusios rhodesianus, P. sinuatus og P. subniger - sistnemnde i lagunar tilknytte sjøen).[23] Storm's water cobra, ein underart av vasskobraen Naja annulata som hovudsakleg lever av fisk, finst berre i Tanganyikasjøen, der han føretrekk steinete kystområde.[23][24]

Fisk[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen har minst 250 artar av ciklidar[25] og over 80 andre fiskeartar. Dei fleste lever nær kysten og ned til eit djup på om lag 200 meter. Den største biomassen av fisk er derimot i den pelagiske sona (ope farvatn) og er dominert av seks artar - to artar av tanganyikasardin og fire artar av rovfisken Lates (som er i slekt med nilabboren som har øydelagd ciklidefiskbestanden i Victoriasjøen).

Nesten alle (98 %) av ciklideartane er endemiske (finst berre her) i innsjøen. Ciklidane i dei store sjøane i Afrika står for det mest utbreidde dømet på adaptiv stråling hjå virveldyr.[26] Ciklidane i Tanganyikasjøen er morfologisk og genetisk dei mest forskjelliga av ciklidane i dei store sjøane.[26][27] Dette er knytt til den høge alderen til Tanganyika, som er mykje eldre enn dei andre sjøane.[28] Tanganyikasjøen er derfor ein viktig biologisk ressurs i studiar av evolusjonen til dyreartar.[29][30]

Tanganyika har det høgaste talet på endemiske ciklideslekter av alle afrikanske sjøar.[26] Alle ciklidane i Tanganyika høyrer til underfamilien Pseudocrenilabrinae. Av dei ti tribusane i denne underfamilien lever halvparten berre eller nesten berre i denne sjøen (Cyprichromini, Ectodini, Lamprologini, Limnochromini og Tropheini), medan tre andre har artar i sjøen (Haplochromini, Tilapiini og Tylochromini).[31] Andre framlegg om klassifisering deler Tanganyika-ciklidane inn i så mange som 12–16 tribusar (Bathybatini, Benthochromini, Boulengerochromini, Cyphotilapiini, Eretmodini, Greenwoodochromini, Perissodini og Trematocarini i tillegg til dei som er nemnd før).[26]

Dei fleste Tanganyika-ciklidar lever langs breidda av sjøen ned til djupner på 100 meter, men nokre artar går jamleg ned til djupner på 200 meter.[32] Ein har tidvis funne artar frå slekta Trematocara djupar enn 300 meter, som er djupare enn nokon annan ciklide er funnen i verda.[33] Nokre av djupvass-ciklidane (som Bathybates, Gnathochromis, Hemibates og Xenochromis) er blitt fanga i område som er nesten heilt utan oksygen, men korleis dei kan overleva der er uklart.[20]

Tanganyika-ciklidar skil seg mykje frå einannan i levemåte, og kan vera planteetarar, detritusetarar, planktonetarar, insektetarar, muslingetarar, åtseletarar, skjeletarar og fiskeetarar.[34]

Formeiringa deira går vanlegvis føre seg på ein av to hovudmåtar. Nokre av dei gyter på botn (gjerne i holver eller steinsprekker), medan andre er munnrugarar.[35] Blant dei endemiske artane finn ein to av dei minste ciklidane i verda, Neolamprologus multifasciatus og N. similis (begge skjelbuar) på opptil 4-5,[36][37] og ein av dei største, kjempecikliden Boulengerochromis microlepis på opptil 90 cm.[34][38]

Mange ciklidar frå sjøen, som artar frå slektene Altolamprologus, Cyprichromis, Eretmodus, Julidochromis, Lamprologus, Neolamprologus, Tropheus og Xenotilapia, blir brukte som akvariefisk. Dei er populære på grunn av dei sterke fargane og mønstera sine, og interessant oppførsle.[35] Akvarieeigarar kan til dømes gjenskapa ein Tanganyika-biotop for å husa desse ciklidane i eit habitat som minnar om det naturlege miljøet deira.[35][39]

Av dei over 80 fiskeartane som ikkje er ciklidar er rundt 60 % endemiske.[19][25][40][41]

Ein type endemisk fisk er fakultativt (valfritt) yngelparasittiske «gaukefiskar», artane Synodontis grandiops[42] og S. multipunctatus.[19][35] Andre artar er svært like desse, og er ofte blitt forveksla, til dømes S. lucipinnis og S. petricola. Det er uklart om dei også viser denne oppførselen.[19][43][44] Dei yngelparasittiske fiskane legg ofte egg samtidig som munnrugande ciklidar. Cikliden tek egga inn i munnen som om dei var deira eigen. Når egga til parasittfisken klekkar, et dei opp ciklideegga.[19][35] Seks andre slekter av ålemaller finst berre i sjøen: Bathybagrus, Dinotopterus, Lophiobagrus, Phyllonemus, Pseudotanganikallabes og Tanganikallabes.[45][46] Seks artar frå slekta Chrysichthys finst berre i Tanganyika-bassenget der dei lever både i grunt og relativt djupt vatn;[45] i sistnemnde habitat er dei hovudbytteetarar og åtseletarar.[20] Ei unik evolusjonær spreiing i sjøen er dei 15 artane av piggete ålar i slekta Mastacembelus, der alle utanom ein er endemiske.[40][47]

Nokre av fiskane som ikkje er endemiske er utbreidde i Afrika, men fleire av dei er berre utbreidde her og i elvebassenga til Malagarasi og Kongoelva, slik som Polypterus congicus, Hydrocynus goliath, Citharinus citharus, Distichodus sexfasciatus og Tetraodon mbu.[45]

Andre dyr[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til endemiske fiskar er det fleire endemiske blautdyrartar, krabbar, reker, loppekreps, manetar og igler. Sjøen omfattar minst 20 vitskapleg skildra iglearar (12 av dei endemiske),[63] 9 svampar (7 endemiske), 6 mosdyr (2 endemiske), 11 flatmakkar (7 endemiske), 20 rundormar (7 endemiske), 28 leddormar (17 endemiske)[25] og den vesle maneten Limnocnida tanganyicae frå klassen Hydrozoa.[64]

Skjelet til den endemiske ferskvassniglen Tiphobia horei.

Ein kjenner til totalt 83 ferskavsssniglar (65 av dei endemiske) og 11 muslingartar (8 endemiske) frå sjøen.[65] Av dei endemiske muslingane er tre slekter monotypiske: Grandidieria burtoni, Pseudospatha tanganyicensis og Brazzaea anceyi.[65] Mange av sniglane er uvanlege for artar som lever i ferskvatn ved at dei har merkbart tjukkare skjel og/eller distinkt skulptur på det, trekk ein vanlegvis ser mest på havsniglar. Desse sniglane blir kalla thalassoidar, som ein kan omsetja med 'hav-aktige'.[66] Alle Tanganyika-thalassoidane, som høyrer til Prosobranchia, er endemiske til sjøen.[66] Tidlegare trudde ein dei var i slekt med liknande havsniglar, men ein har funne at dette ikkje er tilfellet. Ein går no ut frå at utforminga deira er eit resultat av dei svært mangfaldige habitata i Tanganyika og evolusjontrykk frå snigleetande fisk og, ikkje minst, Platythelphusa-krabbar.[25][66][67] Totalt finst det 17 ferskvassnigelslekter som er endemiske til sjøen, som Hirthia, Lavigeria, Paramelania, Reymondia, Spekia, Stanleya, Tanganyicia og Tiphobia.[66] Det finst rundt 30 snigleartar som ikkje er thalassoide, men berre fem av desse er endemiske, mellom anna Ferrissia tanganyicensis og Neothauma tanganyicense.[66] Sistnemnde er den største sniglen i Tanganyika, og skjelet hans blir nytta av små skjelbuande ciklidar.[68]

Ein finn også eit stort mangfald av krepsdyr i Tanganyika, med meir enn 200 artar, der over halvparten er endemisk.[25] Dei omfattar 10 artar av ferskvasskrabbe (9 Platythelphusa og Potamonautes platynotus; alle endemiske),[69] minst 11 artar små Atyidae-reker (Atyella, Caridella og Limnocaridina),[70] ei endemisk Palaemonidae-reke (Macrobrachium moorei),[71] rundt 100 Ostracoda,[72] med mange endemiske,[73][74] og fleire copepodar.[75] Av desse lever Limnocaridina iridinae inni kappeholrommet til Unionidae-muslingen Pleiodon spekei, noko som gjer han til ein av berre to kjende kommensiale artar av ferskvassreker (den andre er Caridina spongicola frå Towutisjøen i Indonesia, som bur i svampar).[76][77]

Blant sjøene i Rift-dalen har Tanganyika langt større mangfald av krepsdyr og ferskvassniglar enn dei andre, både når det gjeld tal på artar og tal på endemiske artar.[78] Til dømes er dei einaste andre av desse sjøane med endemiske ferksvasskrabbar Kivu og Victoria, som har to artar kvar.[79][80]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Breidda av Tanganyikasjøen i Katavi-regionen i Tanzania.

I 2000 blei det estimert at rundt 10 millionar menneske budde rundt sjøen.[81]

Nordenden av sjøen er tettast folkesett, med konsentrasjonar rundt dei større byane. Andre delar av breidda er tynt folkesette.[81]

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Fisken i innsjøen er ei stor proteinkjelde for dei lokale innbyggjarane. Ifølgje ulike kjelder står fisk frå sjøen for 25–40 %[82] eller ca. 60 % av dyreproteinet i kosthaldet til folk i regionen.[16][83]

Det finst fleire tradisjonelle lokale fiskemetodar. Dei fleste av dei går ut på å bruka ei lanterne til å lokka fisk til seg om natta. Ein metode kalla lusenga går ut på at ein enkeltperson i ein kano bruker eit vidt nett. Ein annan går ut på å bruka eit løftenett der ein senker eit nett mellom to parallelle kanoar og så raskt dreg det opp. Den trede, kalla chiromila, nyttar tre kanoar. Ein kano står stille med ei lanterne, ein annan kano held ein ende av nettet og den tredje går rundt den som står stille for å samla nettet.[84]

I dag er det om lag 45 000 menneske som er direkte involvert i fiskeria som opererer frå nesten 800 stader. Det er om lag 1 million menneske som er avhengig av fiskarane, og fisk frå Tanganyikasjøen blir eksportert til heile Aust-Afrika. Kommersiell fiske byrja på midten av 1950-talet, og dette har hatt stor innverknad på dei pelagiske fiskeartane, som gjekk kraftig tilbake i bestand.[16][83] Industrifiskeri, som blømde i 1980-åra, har seinare kollapsa. I 1995 blei det fanga rundt 180 000 tonn fisk. I 2016 blei den totale fangsten estimert til opptil 200 000 tonn.[16]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste hamnebyane rundt sjøen er Bujumbura i Burundi, Kalemie i Kongo, Mpulungu i Zambia og Ujiji og Kigoma i Tanzania.[22]

Sjøen blir brukt som transportveg for uformell småhandel og for større, i nokre høve internasjonal handel. Historisk var sjøen ein viktig transportveg for å få varer til og frå kysten i aust og sør.[81]

Det er to ferjer som går langs austkysten av innsjøen. MV «Liemba» mellom Kigoma og Mpulungu, og MV «Mwongozo», som går mellom Kigoma og Bujumbura. Hamnebyen Kigoma er endestasjonen for jarnbanen som går frå Dar es Salaam i Tanzania. Hamnebyen Kalemie er endestasjon for den kongolesiske jarnbanen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Utsyn over sjøen frå Mpala. Illustrasjon frå 1892.
Båtar i Kigoma i 1914.

Det har budd menneske rundt Tanganyikasjøen. Dei fleste folka rundt sjøen i dag er bantutalande folkegrupper som sporar opphavet sitt til Kongoelva.[22]

På 1800-talet kom muslimske handelsfolk frå austkysten av Afrika til området.[85] Dei førte med seg nye varer inn i landet, som bomullsklede, metallarbeid, salt og tobakk, og frakta med seg varer som elfenbein, palmeolje og menneske som slavar.[85] Handelsfolka førte til store endringar i samfunnsordenen, med innføring av valuta i form av ulike perler og klede. Mange folk fekk arbeid knytt til handelen, til dømes som sjøfolk, guidar, snikkarar o.l.[85]

Ujiji blei sterkt påverka av swahilikultur, og blei også eit senter for slavehandel.[85] Dei arabiske handelsfolka som kom til innlandet gjorde ikkje noko forsøk på å skipa statar eller spreia islam her. Kolonisering blei først og fremst gjort av europearar, som kom hit på andre halvdelen av 1800-talet. Arabarar blei etterkvart dels drivne ut av europearar og dels nøydde til å dra tilbake til kystområda grunna endra handelsmønster.[86]

Dei første europearane som fann fram til innsjøen blei utforskarane Richard Francis Burton og John Speke i 1858. Dei fann han då dei leita etter kjelda til elva Nilen. Speke heldt fram og fann til slutt kjelda, Victoriasjøen. Etter desse kom stadig fleire europearar til, og dreiv utforsking og misjon.[86] I 1884 grunnla den tyske oppdagaren Carl Peters kolonien Tysk Aust-Afrika på austsida av sjøen. I vest oppretta kong Leopold II av Belgia kolonien Fristaten Kongo, som blei gjort om til Belgisk Kongo i 1906.

Fyrste verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Innsjøen var åstad for to kjende slag under den fyrste verdskrigen.

Takka vere «Graf Goetzen» (oppkalla etter grev Gustav Adolf von Götzen, den tidlegare guvernøren i Tysk Aust-Afrika), hadde tyskarane full kontroll over innsjøen i dei tidlege stadia av krigen. Skipet blei brukt både til å frakta last og personell over innsjøen, og som ein base for å setja i gang overraskingsåtak på allierte troppar.[87]

Det blei difor viktig for dei allierte styrkane å få kontroll over sjøen sjølv. Under kommando av løytnantkommandør Geoffrey Spicer-Simson fekk den britiske marinen den monumentale oppgåva med å frakta to væpna motorbåtar, HMS «Mimi» og HMS «Toutou», frå England med jernbane, veg og elv til Albertville (sidan omdøypt til Kalemie i 1971) på den vestlege breidda av Tanganyikasjøen. Dei to båtane venta til desember 1915, og starta eit overraskingsåtak på tyskarane der dei tok kanonbåten «Kingani». Eit anna tysk fartøy, «Hedwig», blei senka i februar 1916. Dette etterlét «Götzen» som det einaste tyske fartøyet som kunne kontrollera sjøen.[87]

Som følgje av den styrkte posisjonen sin ved sjøen byrja dei allierte å rykka opp mot Kigoma over land, og belgiarane oppretta ein flybase på vestkysten av Albertville. Det var derfrå, i juni 1916, at dei sette i gang eit bombeåtak mot tyske stillingar i og rundt Kigoma. Det er uklart om «Götzen» blei treft eller ikkje (belgiarane hevda å ha treft, medan tyskarane nekta for dette), men tysk moral leid og skipet blei deretter fråtatt skytset sitt sidan ein trengte det ein annan stad.[87]

Krigføringa på innsjøen hadde no nådd ein stillstand, der begge sider nekta å gå til angrep. Krigen på land heldt derimot fram, stort sett til fordel for dei allierte, som hadde avskore jernbanesambandet i juli 1916 og truga med å isolera Kigoma heilt. Dette førte til at den tyske sjefen, Gustav Zimmer, forlét byen og drog sørover. For å unngå at det beste skipet hans fall i allierte hender, søkkte Zimmer fartøyet 26. juli 1916. Fartøyet blei seinare heva i 1924 og omdøypt til MV «Liemba».[87]

Etter krigen[endre | endre wikiteksten]

Tanganyikasjøen i Gombe Stream nasjonalpark i Tanzania.

Tanganyikaterritoriet var ein britisk koloni mellom 1919 og 1961. I 1961 blei kolonien ein sjølvstendig stat med namnet Tanganyika. I 1964 slo han seg saman med Zanzibar, og det nye landet fekk snart namnet Tanzania.

Den argentinske revolusjonære krigaren Che Guevara nytta Tanganyikasjøen som treningsleir for geriljastyrkane sine. Frå denne leiren prøvde dei og velte regjeringa, men måtte til slutt trekke seg ut sidan National Security Agency (NSA) hadde overvaka han heile tida, og hjelpte regjeringsstyrkane med å overfalle geriljaen hans.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Francis., Burton, Richard (1965). Burton and Lake Tanganyika. East African Literature Bureau. OCLC 180480726. 
  2. 2,0 2,1 «Lake Tanganyika». www.zambiatourism.com. Henta 14. mars 2008. 
  3. Lewis, R. (16. mai 2010). «Brown Geologists Show Unprecedented Warming in Lake Tanganyika». Brown University. Henta 25. mars 2017. 
  4. Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Tanganyika» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. doi:10.1093/acref/9780191905636.001.0001/acref-9780191905636-e-7253. 
  5. "I made many attempts to discover whether the Wajiji knew why the lake was called Tanganika. They all replied they did not know, unless it was because it was large, and canoes 'could make long voyages on it. They did not call small lakes Tanganika, but they called them Kitanga. The lake of Usukuma would be called Tanganika, but the little lakes in Uhha (Musunya) would be called Kitanga. Nika is a word they could not explain the derivation of, but they suggested that it might perhaps come from Nika, , an electric fish which was sometimes caught in the lake.
    A rational definition of Nika I could not obtain until one day, while translating into their language the English words, given in the comparative table of African languages annexed to these volumes, I came to the word 'plain', for which I obtained nika as being the term in Kijiji. As Africans are accustomed to describe large bodies of water as being like plains, 'it spreads out like a plain', I think that a satisfactory signification of the term has finally been obtained, in 'the plain-like lake'." Stanley, H.M., 1899, Through the Dark Continent, London: G. Newnes, Vol. One ISBN 0486256677, Vol. Two ISBN 0486256685
  6. Stanley, Henry M. 1841-1904 (1906), Through the Dark continent; or, The sources of the Nile, around the great lakes of equatorial Africa, and down the Livingstone River to the Atlantic ocean, Oliver Wendell Holmes Library Phillips Academy, Harper & Brothers, henta 24. juli 2021 
  7. Everett-Heath, John (22. oktober 2020). «Tanga» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-190563-6. doi:10.1093/acref/9780191905636.001.0001/acref-9780191905636-e-9248#. 
  8. «Datbase Summary: Lake Tanganyika». www.ilec.or.jp. Arkivert frå originalen 1999-11-10. Henta 14. mars 2008. 
  9. 9,0 9,1 Scheffel, Richard L.; Wernet, Susan J., red. (1980). Natural Wonders of the World. United States of America: Reader's Digest Association, Inc. s. 366–367. ISBN 978-0-89577-087-5. 
  10. 10,0 10,1 10,2 Kullander, S.O.; T.R. Roberts (2011). «Out of Lake Tanganyika: endemic lake fishes inhabit rapids of the Lukuga River». Ichthyol. Explor. Freshwaters 22 (4): 355–376. 
  11. Cohen; Soreghan; Scholz (1993). «Estimating the age of formation of lakes: An example from Lake Tanganyika, East African Rift system». Geosciences 21 (6): 511–514. Bibcode:1993Geo....21..511C. doi:10.1130/0091-7613(1993)021<0511:ETAOFO>2.3.CO;2. 
  12. Lévêqu, Christian (1997). Biodiversity Dynamics and Conservation: The Freshwater Fish of Tropical Africa. Cambridge University Press. s. 110. 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 De, Wever; Muylaert; der Gucht, Van; Pirlot; Cocquyt; Descy; Plisnier; Vyverman (2005). «Bacterial Community Composition in Lake Tanganyika: Vertical and Horizontal Heterogeneity». Appl Environ Microbiol 71 (9): 5029–5037. PMC 1214687. PMID 16151083. doi:10.1128/AEM.71.9.5029-5037.2005. 
  14. 14,0 14,1 Edmond; Stallard; Craigh; Weiss; Coulter (1993). «Nutrient chemistry of the water column of Lake Tanganyika». Limnol. Oceanogr. 38 (4): 725–738. Bibcode:1993LimOc..38..725E. doi:10.4319/lo.1993.38.4.0725. 
  15. O'Reilly, Catherine M.; Alin, Simone R.; Plisnier, Pierre-Denis; Cohen, Andrew S.; Mckee, Brent A. (August 14, 2003). «Climate change decreases aquatic ecosystem productivity of Lake Tanganyika, Africa». Nature 424 (6950): 766–768. Bibcode:2003Natur.424..766O. PMID 12917682. doi:10.1038/nature01833. 
  16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Jensen, M.R. (8 August 2016). «Lake Tanganyika Fisheries Declining From Global Warming». University of Arizona. Henta 5. mars 2018. 
  17. Lowe-McConnell, R.H. (2003). «Recent research in the African Great Lakes: Fisheries, biodiversity and cichlid evolution». Freshwater Forum 20 (1): 4–64. 
  18. Hutter; Yongqi; and Chubarenko (2011). Physics of Lakes, volume 1: Foundation of the Mathematical and Physical Background. P. 11. ISBN 978-3-642-15178-1.
  19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 Wright, J.J.; and L.M. Page (2006). Taxonomic revision of Lake Tanganyikan Synodontis (Siluriformes: Mochokidae). Florida Mus. Nat. Hist. Bull. 46(4): 99–154.
  20. 20,0 20,1 20,2 Lowe-McConnell, R.H. (1987). Ecological Studies in Tropical Fish Communities. ISBN 0-521-28064-8.
  21. Ryan, Emily; Todd, Jonathan A.; McGlue, Michael; Kimirei, Ismael; Soreghan, Michael (2017). «Variation in Taphonomic Character of Shell Beds in Lake Tanganyika, Africa: Paleoenvironmental and Stratigraphic Implications of Shell Beds in Lakes». Geological Society of America Abstracts with Programs. Geological Society of America. doi:10.1130/abs/2017am-304608. 
  22. 22,0 22,1 22,2 22,3 «Lake Tanganyika | lake, Africa», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 22. juli 2021 
  23. 23,0 23,1 Spawls, Howell, Drewes, and Ashe (2002). A Field Guide to the Reptiles of East Africa. Academic Press, London. ISBN 0-12-656470-1.
  24. O'Shea, M. (2003). Zambia & Tanzania. Henta 4. april 2017.
  25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 West, K. (prepared by) (2001). Lake Tanganyika: Results and Experiences of the UNDP/GEF Conservation Initiative (RAF/92/G32) in Burundi, D.R. Congo, Tanzania, and Zambia. Lake Tanganyika Biodiversity Project.
  26. 26,0 26,1 26,2 26,3 Meyer, Matchiner, Salburger, Britta, Michael, Walter (25. november 2013). «A tribal level phylogeny of Lake Tanganyika cichlid fishes based on a genomic multi-marker approach». Molecular Phylogenetics and Evolution 83: 56–71. PMC 4334724. PMID 25433288. doi:10.1016/j.ympev.2014.10.009. 
  27. Seehausen, O. (2015). «Process and pattern in cichlid radiations – inferences for understanding unusually high rates of evolutionary diversification». New Phytologist 207 (2): 304–312. PMID 25983053. doi:10.1111/nph.13450. 
  28. Nishida, M (1991). «Lake Tanganyika as an evolutionary reservoir of old lineages of East African cichlid fishes: Inferences from allozyme data». Experientia 47 (9): 974–979. doi:10.1007/bf01929896. 
  29. Takahashi, T.; Hori, M. (2012). «Genetic and Morphological Evidence Implies Existence of Two Sympatric Species in Cyathopharynx furcifer (Teleostei: Cichlidae) from Lake Tanganyika». International Journal of Evolutionary Biology 2012: 980879. PMC 3363988. PMID 22675655. doi:10.1155/2012/980879. 
  30. Kornfield, Ivy; Smith, Peter A (2000). «African Cichlid Fishes: Model Systems for Evolutionary Biology». Annual Review of Ecology and Systematics 31: 163–196. doi:10.1146/annurev.ecolsys.31.1.163. 
  31. Sparks; Smith (2004). «Phylogeny and biogeography of cichlid fishes (Teleostei: Perciformes: Cichlidae)». Cladistics 20 (6): 501–517. doi:10.1111/j.1096-0031.2004.00038.x. 
  32. 32,0 32,1 Kirchberger; Sefc; Sturmbauer; Koblmuller (2012). «Evolutionary History of Lake Tanganyika's Predatory Deepwater Cichlids». International Journal of Evolutionary Biology 2012: 716209. PMC 3362839. PMID 22675652. doi:10.1155/2012/716209. 
  33. Loiselle, Paul (1994). The Cichlid Aquarium, p. 304. Tetra Press, Germany. ISBN 978-1564651464.
  34. 34,0 34,1 Mortiff, C: Lake Tanganyika and its Diverse Cichlids. Cichlid-Forum. Henta 1. mars 2017.
  35. 35,0 35,1 35,2 35,3 35,4 Schliewen, U. (1992). Aquarium Fish. Barron's Educational Series. ISBN 978-0812013504.
  36. Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2017). "Neolamprologus multifasciatus" i FishBase. Versjonen frå March 2017.
  37. Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2017). "Neolamprologus similis" i FishBase. Versjonen frå mars 2017.
  38. 38,0 38,1 «The 10 biggest cichlids». Practical Fishkeeping. 13. juni 2016. Henta 17. mars 2017. 
  39. «tanganyika biotope aquarium». Aquariums Life. 10. februar 2010. Arkivert frå originalen 2012-03-02. Henta 3. februar 2014. 
  40. 40,0 40,1 Brown; Britz; Bills; Rüber; Day (2011). «Pectoral fin loss in the Mastacembelidae: a new species from Lake Tanganyika». Journal of Zoology 284 (4): 286–293. doi:10.1111/j.1469-7998.2011.00804.x. 
  41. Wright, J.J.; Bailey, R.M. (2012). «Systematic revision of the formerly monotypic genus Tanganikallabes (Siluriformes: Clariidae)» (PDF). Zoological Journal of the Linnean Society 165 (1): 121–142. doi:10.1111/j.1096-3642.2011.00789.x. 
  42. PlanetCatfish: Synodontis grandiops. Henta 1. april 2017.
  43. PlanetCatfish: Synodontis lucipinnis. Henta 1. april 2017.
  44. PlanetCatfish: Synodontis petricola. Henta 1. april 2017.
  45. 45,0 45,1 45,2 45,3 FishBase: Species in Tanganyika. Henta 3. april 2017.
  46. Wright, J.J. (2017). «A new diminutive genus and species of catfish from Lake Tanganyika (Siluriformes: Clariidae)». J Fish Biol 91 (3): 789–805. PMID 28744868. doi:10.1111/jfb.13374. 
  47. Brown; Rüber; Bills; Day (2010). «Mastacembelid eels support Lake Tanganyika as an evolutionary hotspot of diversification». BMC Evolutionary Biology 10: 188. PMC 2903574. PMID 20565906. doi:10.1186/1471-2148-10-188. 
  48. Takahashi, T. (2008). «Description of a new cichlid fish species of the genus Benthochromis (Perciformes: Cichlidae) from Lake Tanganyika». Journal of Fish Biology 72 (3): 603–613. doi:10.1111/j.1095-8649.2007.01727.x. 
  49. Weiss, Cotterill, and Schliewen (2015). «A tribal level phylogeny of Lake Tanganyika cichlid fishes based on a genomic multi-marker approach». Molecular Phylogenetics and Evolution 83: 56–71. PMC 4334724. PMID 25433288. doi:10.1016/j.ympev.2014.10.009. 
  50. Takahashi, T.; Nakaya, K. (2003). «New species of Cyphotilapia (Perciformes: Cichlidae) from Lake Tanganyika, Africa». Copeia 2003 (4): 824–832. doi:10.1643/ia03-148.1. 
  51. C. Bigirimana (2006). «Cyprichromis microlepidotus». IUCN Red List of Threatened Species (IUCN) 2006: e.T60487A12363286. doi:10.2305/IUCN.UK.2006.RLTS.T60487A12363286.en. 
  52. 52,0 52,1 Smith, M.P. (1998). Lake Tanganyikan Cichlids, s. 9-10. ISBN 0-7641-0615-5
  53. SeriouslyFish: Ophthalmotilapia nasuta. Retrieved 6 April 2017.
  54. Froese, Rainer og Pauly, Daniel, red. (2017). "Eretmodus cyanostictus" i FishBase. Versjonen frå April 2017.
  55. Lowe-McConnell, R (2009). «Fisheries and cichlid evolution in the African Great Lakes: progress and problems». Freshwater Reviews 2 (2): 131–151. doi:10.1608/frj-2.2.2. 
  56. SeriouslyFish: Julidochromis marlieri. Retrieved 6 April 2017.
  57. Bigirimana, C. (2006). «Gnathochromis premaxillaris». IUCN Red List of Threatened Species 2006. Henta 6. april 2017. 
  58. Stewart, T.A.; Albertson, R.C. (2010). «Evolution of a unique predatory feeding apparatus: functional anatomy, development and a genetic locus for jaw laterality in Lake Tanganyika scale-eating cichlids». BMC Biology 8 (1): 8. PMC 2828976. PMID 20102595. doi:10.1186/1741-7007-8-8. 
  59. Ntakimazi, G. (2006). «Oreochromis tanganicae». IUCN Red List of Threatened Species 2006. Henta 6. april 2017. 
  60. Begon, M.; and A.H. Fitter (1995). Advances in Ecological Research, vol. 26, p. 203. ISBN 0-12-013926-X
  61. Salzburger; Niederstätter; Brandstätter; Berger; Parson; Snoeks; Sturmbauer (2006). «Colour-assortative mating among populations of Tropheus moorii, a cichlid fish from Lake Tanganyika, East Africa». Proc Biol Sci 273 (1584): 257–266. PMC 1560039. PMID 16543167. doi:10.1098/rspb.2005.3321. 
  62. Toman, R. (1995). Tropheus Evolution In Lake Tanganyika. Cichlidworld. Retrieved 7 April 2017.
  63. Segers, H.; and Martens, K; editors (2005). The Diversity of Aquatic Ecosystems. s. 44. Developments in Hydrobiology. Aquatic Biodiversity. ISBN 1-4020-3745-7
  64. Salonen; Högmander; Langenberg; Mölsä; Sarvala; Tarvainen; and Tiirola (2012). Limnocnida tanganyicae medusae (Cnidaria: Hydrozoa): a semiautonomous microcosm in the food web of Lake Tanganyika. Hydrobiologia 690(1): 97–112.
  65. 65,0 65,1 Seddon, M.; Appleton, C.; Van Damme, D.; Graf, D. (2011). Darwall, W.; Smith, K.; Allen, D.; Holland, R.; Harrison, I.; Brooks, E., red. Freshwater molluscs of Africa: diversity, distribution, and conservation. The Diversity of Life in African Freshwaters: Under Water, Under Threat. An Analysis of the Status and Distribution of Freshwater Species Throughout Mainland Africa (IUCN). s. 92–119. ISBN 978-2831713458. 
  66. 66,0 66,1 66,2 66,3 66,4 Brown, D. (1994). Freshwater Snails Of Africa And Their Medical Importance. 2nd edition. ISBN 0-7484-0026-5
  67. West, K.; Cohen, A. (1996). «Shell microstructure of gastropods from Lake Tanganyika, Africa: adaptation, convergent evolution, and escalation.». Evolution 50 (2): 672–682. JSTOR 2410840. PMID 28568935. doi:10.2307/2410840. 
  68. Koblmüller; Duftner; Sefc; Aibara; Stipacek; Blanc; Egger; Sturmbauer (2007). «Reticulate phylogeny of gastropod-shell-breeding cichlids from Lake Tanganyika — the result of repeated introgressive hybridization.». BMC Evolutionary Biology 7: 7. PMC 1790888. PMID 17254340. doi:10.1186/1471-2148-7-7. 
  69. Marijnissen; Michel; Daniels; Erpenbeck; Menken; Schram (2006). «Molecular evidence for recent divergence of Lake Tanganyika endemic crabs (Decapoda: Platythelphusidae)». Molecular Phylogenetics and Evolution 40 (2): 628–634. PMID 16647274. doi:10.1016/j.ympev.2006.03.025. 
  70. Fryer, G (2006). «Evolution in ancient lakes: radiation of Tanganyikan atyid prawns and speciation of pelagic cichlid fishes in Lake Malawi.». Hydrobiologia 568 (1): 131–142. doi:10.1007/s10750-006-0322-x. 
  71. De Grave, S. (2013). «Macrobrachium moorei». IUCN Red List of Threatened Species 2013. Henta 3. april 2017. 
  72. Martens; Schön; Meisch; Horne (2008). «Global diversity of ostracods (Ostracoda, Crustacea) in freshwater». Hydrobiologia 595: 185–193. doi:10.1007/s10750-007-9245-4. 
  73. Gitter, F.; Gross, M.; Piller, W.E. (2015). «Sub-Decadal Resolution in Sediments of Late Miocene Lake Pannon Reveals Speciation of Cyprideis (Crustacea, Ostracoda)». PLOS ONE 10 (4): e0109360. Bibcode:2015PLoSO..1009360G. PMC 4406499. PMID 25902063. doi:10.1371/journal.pone.0109360. 
  74. Schön, I.; Martens, K. (2012). «Molecular analyses of ostracod flocks from Lake Baikal and Lake Tanganyika». Hydrobiologia 682 (1): 91–110. doi:10.1007/s10750-011-0935-6. 
  75. Cirhuza, D.M.; Plisnier, P.-D. (2016). «Composition and seasonal variations in abundance of Copepod (Crustacea) populations from the northern part of Lake Tanganyika». Aquatic Ecosystem Health & Management 19 (4): 401–410. doi:10.1080/14634988.2016.1251277. 
  76. De Grave, S.; Cai, Y.; Amnker, A. (2008). «Global diversity of shrimps (Crustacea: Decapoda: Caridea) in freshwater». Hydrobiologia 595: 287–293. doi:10.1007/s10750-007-9024-2. 
  77. De Grave, S. (2013). «Limnocaridina iridinae». IUCN Red List of Threatened Species 2013. Henta 10. desember 2017. 
  78. Segers, H.; and Martens, K; editors (2005). The Diversity of Aquatic Ecosystems. p. 46. Developments in Hydrobiology. Aquatic Biodiversity. ISBN 1-4020-3745-7
  79. Cumberlidge, N.; and Meyer, K. S. (2011). A revision of the freshwater crabs of Lake Kivu, East Africa. Journal Articles. Paper 30.
  80. Cumberlidge, N.; Clark, P.F. (2017). «Description of three new species of Potamonautes MacLeay, 1838 from the Lake Victoria region in southern Uganda, East Africa (Brachyura: Potamoidea: Potamonautidae)». European Journal of Taxonomy 371 (371): 1–19. doi:10.5852/ejt.2017.371. 
  81. 81,0 81,1 81,2 «Maritime Trade on Lake Tanganyika Trade Opportunities for Zambia» (PDF). Rotterdam: Netherlands Enterprise Agency/Ecorys/PMTC (Zambia) Limited. 2019. Henta 24. juli 2021. 
  82. «Global warming is killing off tropical lake fish – Study of Lake Tanganyika». www.mongabay.com. Henta 14. mars 2008. 
  83. 83,0 83,1 McGrath, M. (8. august 2016). «Decline of fishing in Lake Tanganyika 'due to warming'». BBC. Henta 5. mars 2018. 
  84. Lake Tanganyika and Its Life. Oxford Press. 1991. 
  85. 85,0 85,1 85,2 85,3 Brown, Beverly (1971). «Muslim Influence on Trade and Politics in the Lake Tanganyika Region». African Historical Studies 4 (3): 617–629. ISSN 0001-9992. doi:10.2307/216532. 
  86. 86,0 86,1 Bennett, Norman Robert (1961). «The Arab power of Tanganyika in the nineteenth century.» (på engelsk). 
  87. 87,0 87,1 87,2 87,3 Giles Foden: Mimi og Toutou Go Forth - The Bizarre Battle for Lake Tanganyika , Penguin, 2004.