Kalmykisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kalmykisk
Хальмг келн, khalmg keli
Klassifisering Altaisk
 Mongolsk
  Austmongolsk
   Kalmykisk-oiratisk
    Kalmykisk
Bruk
Tala i  Russland
 Folkerepublikken Kina
 Mongolia
Område Kalmykia
Kalmykisktalande i alt 518 500[1]
Språkkodar
ISO 639-2 xal
ISO 639-3 xal
Wikipedia på kalmykisk

Kalmykisk er eit mongolsk språk som blir snakka av rundt ein halv million menneske i Kalmykia (Russland), det vestlege Kina og det vestlege Mongolia. Det er omtrent 160 000 kalmykisktalande i kvart land.

Kalmykisk tilhøyrer den kalmykisk-oiratiske undergruppa av austmongolske språk, og har nokre fellestrekk med uigurisk og uralske språk. Dette kjem av kalmykisken sitt opphav som fellesspråk for oiratane, eit forbund av fire kalmykiske stammar som trekte til seg ein del ugriske og tyrkiske stammar under utvidinga si vestover.

Den litterære tradisjonen i kalmykisk går attende til 1000-talet, då det uiguriske alfabetet vart brukt. Det offisielle kalmykiske alfabetet, kalla todo-bitsjig ('klarskrift') vart laga på 1500-talet av ein kalmykisk buddhistmunk som heitte Zaja Pandit. I 1924 vart dette alfabetet erstatta av det kyrilliske, som så vart erstatta av det latinske alfabetet i 1930, under den leninistiske språkpolitikken. Det latinske alfabetet vart deretter erstatta med det kyrilliske alfabetet att i 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]