Kalott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om hovudplagget. For den matematiske tydinga, sjå kulekalott.
Amerikanske jødar 2007 med kvite kippaer eller jødekalottar på issen.
Engelsk muslim 2007 med tradisjonell taqiyah eller takke, ei kalottforma bønelue.
Raud zucchetto (pileolus) boren av ein kardinal i den katolske kyrkja.

Ein kalott er ei tettsittande, rund hue utan brem som berre dekker issen. I Europa vart kalott nytta av både borgarar og embetsmenn på 1500- og 1600-talet. Som ein del av embetsdrakta vart kalotten òg boren av det romersk-katolske presteskapet. Fleire austerlandske folkeslag går med kalott, ofte i samband med turban.

Kalott er òg kjend frå enkelte norske folkedrakter.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]