Hopp til innhald

Kamila Shamsie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kamila Shamsie

Verkeleg namnKamila Naheed Shamsie[1]
Nasjonalitetpakistansk-britisk
StatsborgarskapPakistan, Storbritannia
Fødd13. august 1973 (53 år)
Karachi
Yrkeforfattar
Aktive år1998-
Språkengelsk
Medlem avRoyal Society of Literature[*]
ReligionIslam
MorMuneeza Shamsie
Kamila Shamsie på Commons

Kamila Shamsie (fødd 13. august 1973)[2] er ein prisløna pakistansk-britisk forfattar.

Shamsie er fødd i Karachi. Mor hennar er journalisten og redaktøren Muneeza Shamsie.[3] Bestemora henner var begum Jahanara Habibullah, med band til fyrstefamilien i Rampur.[2] Ho er også grandniese av forfattaren Attia Hosain og fører sjølv den litterære tradisjonen i familien tilbake til oldemora Inam Habibullah, som skreiv eit memoar på urdu.[4]

Shamsie gjekk på Karachi Grammar School.[2] Deretter tok ho ein BA-grad i Creative Writing ved Hamilton College i New York[2] og ein mastergrad ved MFA Program for Poets & Writers ved University of Massachusetts Amherst.[2] I 2007 flytta ho til London, og har no dobbelt statsborgarskap i Storbritannia og Pakistan.[1]

Forfattarskap

[endre | endre wikiteksten]

Ho debuterte i 1998 med romamen In the City by the Sea, som ho skreiv medan ho gjekk på college, og har sidan gjeve ut fleire romanar.[5] Shamsie har også skrive for avisa The Guardian.[6] I 2009 gav ho ut ei sakprosabok, Offence : the Muslim case.

Shamsie wrote her first novel, In The City by the Sea, while still in college, and it was published in 1998 when she was 25.[7] Boka var finalist til den britiske John Llewellyn Rhys-prisen.[8] Etter sin andre roman Salt and Saffron frå 2000 blei ho vald ut som ein av Orange sine «21 Writers of the 21st century». I 2013 blei ho teken med på Granta si liste over dei 20 beste unge britiske forfattarane.[9]

Alle dei fire første romanane hennar har handling frå Karachi; seinare romanar har eit breiare geografisk spenn som omfattar Japan og Storbritannia.[7] Også den tredje romanen hennar, Kartography, var finalist til John Llewellyn Rhys-prisen.[8] Den femte romanen hennar Burnt Shadows var finalist for Orange Prize for Fiction[8] og vann ein Anisfield-Wolf Book Award.[10] A God in Every Stone var finalist for Walter Scott-prisen i 2015[11] og til Baileys Women's Prize For Fiction.[12] Den sjuande romanen hennar Home Fire var nominert til Bookerprisen 2017.[13]

Ho er medlem av Royal Society of Literature.[8]

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1 2 "Kamila Shamsie on applying for British Citizenship: 'I never felt safe'", The Guardian, 4 March 2014. Retrieved 5 March 2014
  2. 1 2 3 4 5 «Kamila Shamsie: Following in her father's footsteps». South Asian Diaspora. 8. mars 2013. Arkivert frå originalen 3. mars 2015. Henta 26. juni 2014. {{cite journal}}: Invalid |deadurl=yes (hjelp)
  3. Profile: Kamila Shamsie, DAWN, 6 april 2014
  4. Kamila Shamsie (1. mai 2009). «A long, loving literary line». The Guardian.
  5. A writer's life: Kamila Shamsie, The Telegraph, 10. april 2005
  6. Kamila Shamsie, The Guardian
  7. 1 2 Hanman, Natalie (2014-04-11). «Kamila Shamsie: 'Where is the American writer writing about America in Pakistan? There is a deep lack of reckoning'». The Guardian (på engelsk (Storbritannia)). ISSN 0261-3077. Henta 2017-08-15.
  8. 1 2 3 4 «Kamila Shamsie». Bloomsbury. Henta 21 December 2014.
  9. Best of Young British Novelists 4, Granta 123.
  10. http://www.anisfield-wolf.org/books/burnt-shadows/?sortby=year
  11. «2015 Shortlist announced». Walter Scott Prize. 24 March 2015. Henta 24 March 2015.
  12. Driscoll, Brogan (2015-04-13). «Baileys Women's Prize for Fiction Shortlist Announced». HuffPost UK. Henta 2017-08-16.
  13. Beer, Tom (August 14, 2017). «What to read this week». Newsday. Henta 2017-08-15.