Attia Hosain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Attia Hosain

Statsborgarskap India, Britisk India, Unionen India
Fødd 1913
Lucknow
Død

25. januar 1998 (84 år)

Yrke skribent
Religion Islam
Born Waris Hussein
Attia Hosain på Commons

Attia Hosain (191325. januar 1998) var ein britisk-indisk forfattar, programleiar og kvinneforkjempar. Verka hennar er blitt prisa for det lyriske språket samstundes som det har eit samfunnsperspektiv. Hosain har hatt stor innverknad på indisk-engelsk dikting.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Attia Hosain var fødd i Lucknow (i noverande Uttar Pradesh) i Britisk India. Ho var dotter av Sheikh Shahid Husain Kidwai og Nisar Fatima, begge av taluqdar-, eller fornemt, opphav. Hosain blei først undervist av ei engelsk guvernante før ho gjekk på jenteskulen La Martiniere og seinare Isabella Thoburn College, der ho blei den første jenta frå ein taluqdar-familie til å gå ut i 1933. Same året blei ho gift med søskenbarnet Ali Bahadur Haibullah. Dagen etter vigselen tok Hosain opptaksamen til Universitetet i Lucknow, og byrja seinare som student der.[1] Ho studerte seinare ved .[2] Attia Hosain flytta med diplomatmannen til Storbritannia i 1947. Då Haibullah valde å emigrera til Pakistan, nekta Hosain å velja bort India som heimland, og blei verande i London med dei to ungane deira. Ho fekk arbeid hjå BBC som programleiar for eit populært radioprogram for kvinner.

Hosain voks opp med ei blanding av aristokratiske muslimske ideal og ei liberal engelsk utdanning. I tillegg til engelsk og morsmålet urdu studerte ho også persisk og arabisk. Etter at faren døydde like før Attia var 11, tok mora over styret av dei store eigedomane deira, ei svært uvanleg handling for ei kvinne i hennar stilling. Nisar Fatima heldt likevel parda (avsondring frå omverda), men let dei tre døtrene sine få meir fridom. Liknande motsetningar er skildra i romanen Sunlight on a Broken Column, om ei jente som veks opp i ein zenana (kvinnedelen av eit herskapshus) samstundes som ho får ei moderne utdanning. Romanen tek også opp dilemmaet til indiske muslimar i samband med opprettinga av Pakistan. I novellesamlinga Phoenix Fled fokuserte Hosain meir på underklassen og bondestanden.

Fondet Attia Hosain Trust blei sett opp ved Newnham College i Cambridge for å fremja samarbeid i Sør-Asia.[1]

Forfattaren Kamila Shamsie er grandniese av Attia Hosain.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

Ufullstendig

  • Phoenix Fled, Chatto & Windus, 1953
  • Sunlight on a Broken Column, Chatto & Windus, 1961
  • Cooking the Indian Way, 1967

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Interview with Attia Hosain 1991 ved harappa.com, vitja 19. august 2008
  2. Attia Hosain i the Literary Encyclopedia skrive av av Muneeza Shamsie, vitja 19. august 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]