Kamkaka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kamkaka er eit bakverk baka av kveitemjøl, rugmjøl, gjær og mjølk. Deigen vert kjevla til runde leiver, som vert perforerte i eit rutemønster med ein kam eller eit spesielt kjevle. Når leivene vert steikte, helst i ein steinomn eller ei gruve, boblar dei opp i rutemønsteret, slik at dei ferdige leivene får karakteristiske bobler.

Kamkaka er kjend frå Sørrana og Korgen. Ho har lange tradisjonar i distriktet, men ingen veit nøyaktig når og kor ho først vart baka. Ho er første gongen nemnd av Petter Dass i Nordlands Trompet.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]