Rug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Rug
Rug
Rug
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Grasordenen Poales
Familie: Grasfamilien Poaceae
Underfamilie: Pooideae
Stamme: Triticeae
Slekt: Secale
Art: Rug S. cereale
Vitskapleg namn
Secale cereale

Rug (Secale cereale ssp.cereale) er ein økonomisk viktig kornart og kulturplante i tempererte klima, med nær 90 % av verdsproduksjonen i Europa og Russland.[1] Rug blir i hovudsak brukt til brød.

Botanikk[endre | endre wikiteksten]

Rug høyrer til rugslekta og grasfamilien (Poaceae). Den er i nær slekt med kveite og bygg som er i same familien. Liksom dei har rug 7 kromosom i genomet, med stor grad av likskap i innhald og rekkefølge av gena. Ruggenomet er noko større med kring 7 milliardar basepar. Rug er ein diploid art med 14 kromosom. Ulik dei andre kornartane er rugen ein streng kryssbefruktar som er vanskeleg å innavle, men det er mogleg og brukt i foredling av dei F1-hybridane som i stor grad blir dyrka i dag.

Rugplante
Rugaks

Agronomi og økologi[endre | endre wikiteksten]

Det meste av produksjonen er som haustrug, her i landet sådd i første delen av september og hausta august neste år. I Noreg er rug den høgast ytande kornarten med ei middelavling i toppåret 2014 på 626 kg/dekar. Hybridsortar gjer det generelt betre enn vanlege rugsortar og haustkveite, også under økologisk dyrking. Rug er meir vinterherdig og trivst best i kontinentale strok. Den har eit sterkt rotsystem og toler tørkesvak sandjord og sur jord betre enn andre kornartar. Slike stresspåkjenningar gjer at rugen har sitt kjerneområde i Baltikum og Aust-Europa. Den gamle finske svedjerugen klarte seg derfor bra i sur skogsjord. Den har også ei spesielt god evne til å buske seg (danne sideskot) fordi den av mangel på såkorn ofte blei sådd eitt og eitt frø.

Rugen er sterk mot sjukdomar, men er utsett for mjølauke (mjøldrøye, Claviceps purpurea) i år med dårleg bestøving. Dei dannar svarte sklerotiar der kornet skulle vere, og desse innheld svært giftige alkaloid som gjer mjølet helsefarleg. Hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet er blitt knytt til år med giftig rug.[2]

Opphav og historie[endre | endre wikiteksten]

Rug stammar frå Secale cereale ssp. vavilovii som veks vill i Sørvest-Asia.[3] Rug er påvist sanka og kanskje dyrka allereie 9000 f.Kr., i Syria, men det er omstridd om det var dyrka typar. Iallfall forsvinn rugen att som kulturplante og dukkar først opp i Nord- og Aust-Europa i sein bronsealder.[4] Den vanlege oppfatninga er at den var eit ugras i bygg og kveite, som så i desse områda tok over på dårlegare jordartar. Å dyrke rug kan ha skjedd så tidleg som 200 e.Kr, men omfattande dyrking som kornslag kom først i Mellomalderen. Olaus Magnus skriv i 1550 at det berre er i Finland at rug er dagleg kost. Den finske forskaren Hannu Ahokas hevdar at rugen først blei domestisert, dvs. dryssfri, i Finland.[5] Praksisen med å brenne greiner på åkeren ville ta livet av ugrasfrø i jordsmonnet, inklusive dryssande rugfrø. På den måten blei det eit hardhendt utval mot dryssing. Ahokas set den omfattande handelen med såkorn frå Finland i samband med dette.[6] Dette er ikkje det same som svedjejordbruk, som var å svi ned skogen og så forlate åkeren etter få år.

Bruksområde[endre | endre wikiteksten]

Rug er i hovudsak brukt til brød og har gluten, men har ikkje kveitens evne til å danne proteinnettverk. Dessutan er proteinprosenten klart lågare. Eit høgare innhald av pentosanar hemmar også danninga av gluten, men dei vil i staden svelle og fange opp CO2 ved sakte gjæring med surdeig. Rugbrødbakst med 100 % rug krev surdeig om det skal bli heva. Syringa bevarer stivelsen, fordi lågare pH hemmar dei stivelsesnedbrytande enzyma (amylase). Dersom stivelsen blir brote ned før hausting pga. groskadar, som lett skjer i rug, kan det øydelegge bakeeigenskapane. Fordi rug har mykje av enzymet fytase, blir den elles ufordøyelege fytinsyra effektivt broten ned i ein surdeig. Dei tyske landbrøda (Mischbrot) er rug blanda med kveitemjøl og syra. Det tyske Pumpernickel (og dansk rugbrød) er 100 % rugbrød av svært grovmale mjøl og heilkorn, Etter syring er det kokt ved 120 gradar i 16-24 timar. Knekkebrød er knytt til område der kvaliteten på rugen ofte ikkje var god nok til å bake brød. Rug er også brukt til dyrefor og som råstoff i spritproduksjon (bl.a. vodka).  Dei siste 15 åra har rug brukt til biogass eller bioetanol, fått betydeleg omfang i Tyskland.

Tradisjonar og kultur[endre | endre wikiteksten]

Rugtradisjonane er sterke i Aust-Europa frå Finland til Ungarn og vest til Tyskland. Den tradisjonelle grensa mellom rug- og kveitebrødsland gjekk i Rhindalen. Lenger aust var haustkveite ikkje årssikker nok og/eller jordsmonnet for dårleg, Den tradisjonelle kulturkløfta mellom Tyskland og Frankrike var og symbolisert med rug- og kveitebrød.[7]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Rug er ein art i tilbakegang, meir enn halvert sidan 1990. Verdsproduksjonen ligg på 17 millionar tonn, eit hakk under havre. Dei største produsentane er vist i tabellen nedanfor. Dei tre fremste, Tyskland, Polen og Russland, er òg dei største eksportlanda.

Rug vart fyrst dyrka i Noreg kring år 400 i Rogaland. På slutten av 1800-talet vart rug vanlegare i Noreg. I 1907 var det 150 000 dekar med rug i Noreg. I åra 2006-2015 var det dyrka 62 000 dekar i gjennomsnitt.

Dei største rugprodusentlanda i 2013[1]

Rang Land Mengd

i tusen tonn

1 Tyskland 4 689
2 Russland 3 360
3 Polen 3 360
4 Kina 650
5 Kviterussland 648
6 Ukraina 637
7 Danmark 526
8 Spania 382

Namnet rug[endre | endre wikiteksten]

Kornnamnet rug finn ein att i germanske, baltiske og slaviske mål, soleis t.d. rugỹs på litauisk, рожь på russisk og rye på engelsk. Desse har opphav i ein indoeuropeisk stomn rugiz og kan koma av rota reg- «retta seg opp» eller rota reug- «rjuka», som båe fortel om særlege kjenneteikn ved rugen i høve til anna korn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Statistic». FAO. 2014. 
  2. Alm T. (2003). «The witch trials of Finnmark, northern Norway, during the 17th century: Evidence for ergotism as a contributing factor.». Economic Botany (57): 403-16. 
  3. Hagenblad J; Oliveira HR; Forsberg NEG; Leino MW. (2016). «Geographical distribution of genetic diversity in Secale landrace and wild accessions». BMC Plant Biology. (16(1)): 1-20. 
  4. Behre K-E. (1992). «The history of rye cultivation in Europe.». Vegetation History and Archaeobotany (1(3)): 141-156. 
  5. Ahokas H. (2012). «Crop Evolution under Fire: The past cultivation with sequential kytö burning selected against the shattering weedy forms and comparison between Finnish kytö and Ethiopian guie». Interdisciplinary Biology, Agriculture, Linguistics and Antiquities (5): 1-194. 
  6. Ahokas H. (2009). «he exported winter rye form evolved in co-cultivation with spring-sown seasonal crops in Finland where the slash-and-burn and rihi traditions selected against the rachis brittleness of the weedy rye.». Interdisciplinary Biology, Agriculture, Linguistics and Antiquities 4: 1-153. 
  7. Grøn F. (1939). «Brødets saga gjennom tidene [The Saga of Bread throughout the ages].». Oslo: Kristiani Brødfabrikk og Moss Aktiemøller;: 139 p. 
  • Thorgeir Holm: «Leivar frå soga um rugbraudet og rygene» i Norsk Årbok 2008
  • Bjørnstad, Åsmund (2012) Vårt daglege brød. Vidarforlaget