Kana i Galilea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bryllaupskyrkja i Kafr Kanna, ein av stadene føreslåtte som Kana i Bibelen.

Kana er ein stad omtalt i Det nye testamentet som særleg er kjend for vinunderet, der Jesus gjorde vatn om til vin.

Kana låg i Galilea, kanskje rundt 14 km nord for Nasaret. Staden er omtalt fleire gonger i Johannesevangeliet. Bryllaupet i Kana (Joh 2,1–11) er forteljinga om underet der Jesus gjorde vatn om til vin.[1]

Det er ikkje kjend nøyaktig kvar Kana var. Minst fem stader kjende i moderne tid er blitt føreslåtte som den bibelske staden:[2]

  1. Qana i Libanon (også kjend som Qana al-Jalil)
  2. Kafr Kanna i Israel (også kjend som Kefar Kenna)
  3. Khirbet Kana i Israel
  4. Karm er-Rasm i Israel
  5. Ain Quana i Israel

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Seim, Turid Karlsen (20. februar 2018). «Kana». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Tom McCollough, "Searching For Cana Where Jesus Turned Water into Wine", Biblical Archaeology Review, Nov./Dec. 2015, bd. 41, nr. 6, s. 32.