Kafr Kanna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om landsbyen i Israel. For landsbyen i Libanon, sjå Qana.
Koordinatar: 32°45′N 35°21′E
Kafr Kanna
כַּפְר כָּנָּא, كفر كنا, Kafar Kanna, Kufr Kana
lokal kommune
Kana068.JPG
Veg ved Kafr Kanna
Namneopphav: Landsbyen til Cana
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°45′N 35°21′E
Areal 10,6 km²
Folketal 18 000 (2006)
Folketettleik 1 698 / km²
Bystatus 1968
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Kafr Kanna

Kafr Kanna (arabisk كفر كنا, Kafr Kanā; hebraisk כַּפְר כַּנָּא) er ein arabisk by i Tur'andalen i Galilea, ein del av Nord distrikt i Israel. Han er knytt til landsbyen Kana i Det nye testamentet der Jesus gjorde vatn om til vin.[1] Han hadde eit folketal på 21 967 i 2017.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden Kana var nemnt i Amarnabreva og var kjend i tida då den romersk-jødiske historikaren Josefus levde.

I utkanten av den moderne byen ligg grava til ein av dei jødiske vismennene, rabbi Simeon ben Gamliel, nasi (prins) av Sanhedrin, som vart leiar for Det øvste rådet i 50 evt. Grava hans har vore ein viktig, jødisk pilegrimsstad i hundrevis av år.[3][4]

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Nasir-i-Khusraw vitja landsbyen i 1047 og skildra staden i dagboka si:

« Lenger sør [for Kafar Kannah] ligg ein ås, og på toppen har dei bygd eit fint kloster. Det har ein mektig port, og ggrava til profeten Yunis (Jona) [...] innafor. Nær porten til klosteret ligg ein brunn, og vatnet der er søtt og godt. [...][5] »

Kafr Kanna vart erobra av krossfararar i 1099. I denne tida skreiv Ali frå Herat at ein kunne sjå makamen til Jona, og grava til sonen, i Kafr Kanna. Dette vart òg nemnt av Yaqut al-Hamawi, men han omtalta grava som far til Jona.[5] I august 1254 selde Julian, herskaren i Sidon, landsbyen til Maltesarordenen.[6]

Kring 1300 vart Kafr Kanna skildra som ein stor landsby, der høvdingar for forskjellige stammer budde. Hovudstamma vart kalla Kais al-Hamra («Kais den raude») I følgje krønikaren Al-Dimashqi, høyrte distriktet Buttauf, kalla «den drukna enga», til landsbyen.[5] Al-Dimashqi skreiv vidare at vatnet i dei kringliggande åsane rann inn i området og skapte flaum, og så snart landområdet tørka opp vart det sådd korn.[7]

Osmansk tid[endre | endre wikiteksten]

Kafr Kanna, 1860[8]

Under Det osmanske riket blømde landsbyen på 1500-talet, sidan han låg langs handelsruta mellom Egypt og Syria. I 1596 vart det registrert 475 muslimske hushaldningar og 96 jødiske hushaldningar, og han var då den sjette mest folkerike busetnaden i Palestina på den tida.[9]

Britisk og israelsk styre[endre | endre wikiteksten]

I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Kufr Kenna eit folketal på 1 175; 672 muslimar og 503 kristne.[10]

Kafr Kanna på eit postkort frå 1923.

Under den arabisk-israelske krigen i 1948 vart Kfar Kanna erobra av Israel under Operasjon Dekel (15–18. juli 1948).[11] Han vart verande i unntakstilstand til 1966.

I 1968 fekk Kafr Kanna status som lokal kommune i Israel.

Den 30. mars 1976 var ein innbyggjar i Kafr Kanna, Muhammad Yusuf Taha, ein av seks som vart drepne av det israelske forsvaret under Land Day-demonstrasjonane.[12]

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i Kafr Kanna er arabiske israelarar. I 2014 utgjorde kristne rundt 11 % av folkesetnaden.[13][14] Som i mange andre blanda muslimske og kristne byar i området, bur kristne som regel i eldre delar av byen. Kafr Kanna har to gamle bykjernar, der kristne hovudsakleg bur i den eldste og muslimar hovudsakleg i den noko yngre kjernen.[15]

Religiøs tyding[endre | endre wikiteksten]

Den katolske Bryllaupskyrkja i Kafr Kanna
Orthodox Church of St George in Kafr Kanna

Byen er blitt identifisert av kristne som Kana, staden der Jesus utførte vinunderet ved bryllaupet i Kana (Joh. 2:1–12). Kana er også omtalt som heimstaden til apostelen Bartholomeus, som Natanael av Kana, i Joh 21:2.

Ifølgje Catholic Encyclopedia frå 1914 går identifiseringa Kafr Kanna som Kana tilbake til minst 700-talet, og pilegrimar kunne vitja staden for å minnast vinunderet. Frå 1100-talet blei det vanlegare å plassera Kana i dagens Khirbet Kana, som ligg rundt 8,5 km nordvest for Kafr Kanna. På 1300-talet blei den tradisjonelle tolkinga av Kafr Kanna som Kana sterkare att, og varte ved til moderne tid.[6]

Dei største kyrkjene i Kafr Kanna er den fransiskanske Bryllaupskyrkja og den gresk-ortodokse St Georgkyrkja. Ved den katolske kyrkja er det også bygd eit kapell til Bartolomeus.[16]

Sport[endre | endre wikiteksten]

Maccabi Kafr Kanna spelar i dag i Liga Artzit, det tredje liganivået i israelsk fotball.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The near-miracle in Kafr Kana
  2. . Israel Central Bureau of Statistics. 2017 https://www.cbs.gov.il/he/publications/doclib/2019/ishuvim/bycode2017.xls. Henta 22. april 2019.   XLS
  3. «Tomb of Shimon ben Gamliel vandalized", Jerusalem Post, April 21, 2006.
  4. Rabbi Shimon Ben Gamliel's tomb set ablaze, arson suspected, YNet News, 15. november 2009.
  5. 5,0 5,1 5,2 leStrange, 1890, s.469
  6. 6,0 6,1 Pringle, 1993, s. 285
  7. leStrange, 1890, s.470
  8. Thomson, 1860, s.120
  9. Hütteroth and Abdulfattah, 1977, s. 187
  10. Barron, 1923, Table XI, Underdistrikt of Nasaret, s. 38
  11. Morris, 2004, s. 421
  12. Pappe, Ilan (2011) The Forgotten Palestinians. A History of the Palestinians in Israel. Yale. ISBN 978-0-300-13441-4. s.241.
  13. כפר כנא 2014
  14. «Arab Christians in Israel» (PDF). iataskforce.org. Inter-Agency Task Force on Israeli Arab Issues. juni 2014. s. 1–2. 
  15. Ellenblum, 2003, s. 144
  16. webit.it, «Cana», Custodia Terrae Sanctae (på engelsk), henta 1. juni 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]