Kapitulasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Den tyske kommandant major Josef Nichterlein og assistenten hans hauptmann Hamel, som representerte Wehrmacht, militæret til den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen i Noreg, overgjev Akershus festning til ein representant for den norske heimefronten, fenrik Terje Rollem den 11. mai 1945.
Foto: Pressefotograf Johannes Stage

Kapitulasjon eller å kapitulera viser til at ein part i ein væpna konflikt, krig, gjev opp kampen og overgjev styrkane, våpna sine og eventuelt andre strategiske ting som festningar, krigsskip og liknande til motparten. Til gjengjeld skal parten som har kapitulert, handsamast etter visse reglar. Ordet kjem frå mellomalderlatin capitulare og betyr opphavleg 'å stilla opp i kapittel', og herav kjem betydninga 'å slutta overeinskomst'.

Tradisjonelt heiste ein eit kvitt flagg for å signalisera at ein ønskte å kapitulera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]