Hopp til innhald

Kappbrillefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kappbrillefugl
Kappbrillefugl, underart virens øvst, underart capensis nedst Illustrasjon av C. G. Finch-Davies, 1911
Kappbrillefugl, underart virens øvst, underart capensis nedst
Illustrasjon av C. G. Finch-Davies, 1911
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kappbrillefugl
Utbreiinga av Kappbrillefugl
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Brillefuglar Zosteropidae
Slekt: Zosterops
Art: Kappbrillefugl Z. virens
Vitskapleg namn
Zosterops virens

Kappbrillefugl (Zosterops capensis,[1] alternativt Zosterops virens[2]) er ein liten sporvefugl i brillefuglfamilien som lever i sørlegaste Afrika, og med vidast utbreiing i Sør-Afrika.

Underarten Z. c. capensis
Foto: Brian Gratwicke

Denne arten er ca. 12 cm lang med avrunda venger, sterke bein og ein iaugefallande ring av kvite fjører rundt auga. Oversida er grøn, og halsen og undergumpen er lyse gule. Medlemmane av underarten Z. v. capensis har grått bryst og grå buk, medan Z. v. virens har grøngult bryst og buk.

Kappbrillefuglar er mykje vokale, og held alltid kontakten med mjuke triller «pi, pri» eller ein «pirrii» kontaktlyd. Songen består av gjentatte, lange rykkete strofer med søte fløytenonar, varierande i tonehøgd, volum og tempo, som vanlegvis startar med «tii tii» eller «pirrup pirrup» strofer, og vert deretter eit raskt, usamanhengande virvar av strofer, som kan innlemme etterlikning av tema frå andre fugleartar.

Dette er ein sosial art som dannar store flokkar utanfor hekkesesongen. Han byggjer eit koppforma reir i eit tre og legg 2-3 flekkfrie bleikblå egg. Egga vert klekt etter 11-12 dagar, og flukt frå reiret skjer 12-13 dagar etter klekking. Høgsesongen for hekking er september til desember.

Kappbrillefuglar beitar hovudsakleg på insekt, men tar òg mjuke kjøtfulle blomar, nektar, frukt og små korn. Dei kjem ofte til fôringsplassar.

Arten finst i eit breitt område av tett til lett skogkledde habitat i Sør-Afrika, Lesotho, Swaziland, Botswana og marginalt inn i Mosambik. Dei fleste populasjonar er standfuglar, men nokre utfører mindre sesongtrekk.

Kappbrillefugl (Z. c. virens) er klassifisert som globalt livskraftig.[3] Det finst ikkje informasjon om storleiken på populasjonane.[3]

Det er ikkje semje om taksonomien for kappbrillefugl. Underartar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017:[1]

  • Z. c. caniviridis søraustlegaste Botswana og inn i nordaustlege Sør-Afrika
  • Z. c. atmorii indre Sør-Afrika og Lesotho
  • Z. c. capensis sørvestre Sør-Afrika
  • Z. c. virens austlege Sør-Afrika, Swaziland og marginalt inn i Mosambik
Referansar
  1. 1,0 1,1 Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 25. mars 2018 
  2. del Hoyo, J. & Collar, N. (2018) Cape White-eye (Zosterops capensis) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 24. mars 2018
  3. 3,0 3,1 BirdLife International (2018) Species factsheet: Zosterops virens. Henta frå http://www.birdlife.org den 24. mars 2018

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kappbrillefugl