Brillefuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brillefuglar


Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis
Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Zosteropidae
Slekter
Vitskapleg namn
Zosteropidae

Brillefuglar (Zosteropidae) er små sporvefuglar som lever i tropiske, subtropiske og tempererte delar av Afrika sør for Sahara, sørlege og austlege Asia og Australasia. Brillefuglar er utbreidd på dei fleste tropiske øyane i Det indiske havet, vestre delar av Stillehavet, og i Guineabukta. Ser ein bort frå nokre medlemmer av slekta Zosterops, er dei fleste artane endemiske til enkeltøyar eller til øygrupper. Gråbrystbrillefugl, Zosterops lateralis, har koloniserte New Zealand naturleg , der han frå 1855 er kjent som «voksauge» eller 'tauhau', «den framande» . Gråbrystbrillefugl er dessutan innført til Hawaii så vel som til Society Islands i Fransk Polynesia. Tidlegare var denne gruppa rekna som ein del av timalfamilien Timaliidae, og artar i nokre slekter i dagens Zosteropidae har framleis 'babbler' som ein del av trivalnamnet på engelsk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei ulike artane av brillefuglar har generelt få særtrekk i utsjånaden, fjørdrakta er vanlegvis olivengrønleg på oversida og lysegrå under. Nokre artar har ein kvit eller ljos gul hals, bryst eller underside, og fleire har brungule flankar. Nett som namnet på gruppa seier, så har mange artar ein iaugefallande ring av små kvite fjører rundt auga.[1] Det vitskaplege namnet på gruppa som familie, Zosteropidae, reflekterer òg denne siste funksjonen, det er avleidd frå det gammalgreske ordet for «belteauge». Dei har avrunda venger og sterke bein. Som mange andre nektaretande fuglar, har dei slanke, spisse nebb, og børstetippa tunger.[1] Storleiken når opp til 15 cm i lengd.

Alle artane av brillefuglar er sosiale, dannar store flokkar som berre skil lag når hekkesesongen er nær. Dei byggjer reir og tre og legg 2-4 egg. Sjølv om dei i hovudsak er insektetarar, et dei òg nektar og frukt av ulike slag.

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Artar i brillefuglfamilien i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]

Slekt Yuhina
  • Brunøyreyuhina, Yuhina castaniceps, Striated Yuhina, Moore, 1854, (LC)
  • Torqueyuhina, Yuhina torqueola, Indochinese Yuhina, Swinhoe, 1870, (LC)
  • Brunhovudyuhina, Yuhina everetti, Chestnut-crested Yuhina, Sharpe, 1887, (LC)
  • Kvitnakkeyuhina, Yuhina bakeri, White-naped Yuhina, Rothschild, 1926, (LC)
  • Skjeggyuhina, Yuhina flavicollis, Whiskered Yuhina, Hodgson, 1836, (LC)
  • Karenyuhina, Yuhina humilis, Burmese Yuhina, Hume, 1877, (LC)
  • Stripestrupeyuhina, Yuhina gularis, Stripe-throated Yuhina, Hodgson, 1836, (LC)
  • Diademyuhina, Yuhina diademata, White-collared Yuhina, Verreaux, 1869, (LC)
  • Rustnakkeyuhina, Yuhina occipitalis, Rufous-vented Yuhina, Hodgson, 1836, (LC)
  • Kvitkinnyuhina, Yuhina brunneiceps, Taiwan Yuhina, Ogilvie-Grant, 1906, (LC)
  • Maskeyuhina, Yuhina nigrimenta, Black-chinned Yuhina, Blyth, 1845, (LC)
Slekt Zosterornis
  • Rustmaskebrillefugl, Zosterornis whiteheadi, Chestnut-faced Babbler, Ogilvie-Grant, 1894, (LC)
  • Luzonbrillefugl, Zosterornis striatus, Luzon Striped-Babbler, Ogilvie-Grant , 1894, (NT)
  • Panaybrillefugl, Zosterornis latistriatus, Panay Striped-Babbler, Gonzales & Kennedy, 1990, (NT)
  • Negrosbrillefugl, Zosterornis nigrorum, Negros Striped-Babbler, Rand & Rabor , 1952, (EN)
  • Palawanbrillefugl, Zosterornis hypogrammicus, Palawan Striped-Babbler, Salomonsen, 1961, (NT)
Slekt Lophozosterops
Slekt Oculocincta
  • Dvergbrillefugl, Oculocincta squamifrons, Pygmy White-eye, Sharpe, 1892, (LC)
Slekt Heleia
Slekt Chlorocharis
  • Pirolbrillefugl, Chlorocharis emiliae, Mountain Black-eye, Sharpe, 1888, (LC)
Slekt Woodfordia
  • Nakentyglebrillefugl, Woodfordia superciliosa, Bare-eyed White-eye, North, 1906, (LC)
  • Nendobrillefugl, Woodfordia lacertosa, Sanford's White-eye, Murphy & Mathews, 1929, (NT)
Slekt Megazosterops
  • Storbrillefugl, Megazosterops palauensis, Giant White-eye, Reichenow, 1915, (NT)
Slekt Rukia
  • Trukbrillefugl, Rukia ruki, Truk White-eye, Hartert, 1897, (EN)
  • Langnebbrillefugl, Rukia longirostra, Long-billed White-eye, Takatsukasa & Yamashina, 1931, (NT)
Slekt Cleptornis
Slekt Apalopteron
  • Boninbrillefugl, Apalopteron familiare, Bonin White-eye, Kittlitz, 1831, (NT)
Slekt Tephrozosterops
  • Rustbrillefugl, Tephrozosterops stalkeri, Rufescent White-eye, Ogilvie-Grant, 1910, (LC)
Slekt Sterrhoptilus
  • Gyllenkronenålrygg, Sterrhoptilus dennistouni, Golden-crowned Babbler, Ogilvie-Grant, 1895, (NT)
  • Svartkronenålrygg, Sterrhoptilus nigrocapitatus, Black-crowned Babbler, Steere, 1890, (LC)
  • Ruststrupenålrygg, Sterrhoptilus capitalis, Rusty-crowned Babbler, Tweeddale, 1877, (LC)
Slekt Dasycrotapha
  • Elddusk, Dasycrotapha speciosa, Flame-templed Babbler, Tweeddale, 1878, (EN)
  • Pygménålrygg, Dasycrotapha pygmaea, Visayan Pygmy-Babbler, Ogilvie-Grant, 1896, (NT)
  • Dvergnålrygg, Dasycrotapha plateni, Mindanao Pygmy-Babbler, Blasius, 1890, (NT)
Slekt Zosterops
om lag 88 artar av typiske brillefuglar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lindsey, Terence (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 207. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2017) (CSV), eBird/Clements Checklist v2017, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/updates-corrections-august-2017/, henta 1. oktober 2017 
  3. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]