Kaptopril

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kjemisk struktur
Kaptopril

CAS-nummer
62571-86-2
ATC-nummer
C09A A01
Metabolisme
Halveringstid Ca. 4 timar
Utskiljing Renal
Administrasjonsform Per oral

Kaptopril er først og fremst eit blodtrykksminskande lækjemiddel, men vert òg nytta ved hjarte-pumpe-svikt.

Kaptopril høyrer til ei gruppe lækjemiddel som vert kalla ACE-hemmarar. Desse lækjemidla hemmar omgjeringsenzymet angiotensin converting enzyme frå å gjera om angiotensin I til angiotensin II. Dette fører til lågare nivå av angiotensin II i blodet, eit stoff som blant anna får årene til å trekkja seg i hop og dermed gje pasienten eit auka blodtrykk.

Kaptopril var eit av dei første stoffa i verda til å verta designa frå kjennskapen til strukturen til det enzymet ein ønskte å blokkera.

Biverknadar[endre | endre wikiteksten]

I store dosar kan ein få utslett, nedsett smakssans, låge kvite blodceller (nøytropeni) og protein i urinen (proteinuria), kanskje på grunn av sulfhydryl-gruppa til molekylet. ACE-hemmarar gjev òg ofte pasientar ein irriterande, tørr hoste.

I tillegg til kan ein få for lågt blodtrykk, ein biverknad som er direkte knytt til den ønskte verknaden til emnet.

Kontraindiasjonar[endre | endre wikiteksten]

Kaptopril bør ikkje nyttast i gravide. Ein bør og vera svært varsam med å nytta kaptopril hjå pasientar med nyrearteriestenose.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Kaptopril vert vanlegvis administrert i tablettform. Gjes òg som mikstur til born.

Handelsnamn i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]