Karagöz og Hacivat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hacivat (til venstre) og Karagöz (til høgre)
Ei Karagöz-Hacivat-framsyning sett frå baksida
Karagöz og Hacivat skuggespel frå tyrkisk kulturfestival i Seattle (2007)

Karagöz (som tyder svartøygd eller sigøynartyrkisk) og Hacivat (forkorting av «Haci Cevat», som tyder pilegrimen Cevat, også skriven som «Hacivad») er eit tyrkisk skuggespel som stammar frå 1400-talet.[1][2]

Skuggespelet blei i 2009 inkludert i UNESCO si liste over meisterverk i munnleg og immateriell kulturarv, som tyrkisk kulturarv.[3][4] I den tyrkiske byen Bursa, der Karagöz og Hacivat stammar fra, fins det eit eige museum for skuggespelet. Den internasjonale figurteaterorganisasjonen UNIMA si avdeling i Bursa arrangerer, saman med dei lokale myndigheitene i Bursa, ein årlig festival der det blir synt både Karagöz-framsyningar og anna skuggespel.[5]

Det kom på slutten av 1800-talet også ein gresk oppfylgjar, Karagiozis,[6] som var basert på tyrkiske Karagöz, men etter kvart fekk eit meir gresk preg.[7]

I dag er Karagöz og Hacivat, ofte også berre referert som Karagöz-skuggespelet, fortsatt populært i samband med ulike kulturelle arrangement og i den islamske månaden ramadan, men ikkje særleg synleg i det daglege liv.[8]

Figurer og handling[endre | endre wikiteksten]

Skuggespelet er sentrert rundt morosame dialogar og diskusjonar mellom Karagöz og Hacivat. Karagöz er den folkelege, rappkjefta karakteren som ikkje er redd for å seie det han vil. Han er også analfabet, men kjem til gjengjeld alltid med raske og morosame replikkar. Hacivat representerer den velutdanna, men noko blærete og overlegne overklassa. Han er alltid høfleg og snakkar poetisk, i motsetning til Karagöz. Han prøver å lære opp og forklare Karagöz forskjellige ting, men blir møtt med skarpe kommentarar og innimellom med et hovudslag eller to. Likevel er det Karagöz som er den mest populære skikkelsen.[9]

I tillegg til desse hovudkarakterane fins det også andre figurar og settingar, som den høge mannen Uzun Efe, stoffavhengige Kanbur Tiryaki, den flørtande dama Nigâr, med fleire. Det tradisjonelle, tyrkiske skuggespel-universet omfattar også ei rekkje ikkje-tyrkiske karakterar.

Film[endre | endre wikiteksten]

I 2005 blei det laga ein film om Karagöz og Hacivat med tittelen Hacivat Karagöz Neden Öldürüldü (Kvifor blei Hacivat og Karagöz drepne?). Fleire kjende skodespelarar spela i den litt over to timar lange filmen, som rask blei veldig populær i Tyrkia. Filmen hadde i 2023 ein IMDB-score på 7,5/10.[10][11] Filmen vann tre prisar på Antalya Internasjonale Filmfestival i 2006.[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.unesco.org/culture/ich/en/RL/00180
  2. «Karagöz | Turkish shadow play». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 20. februar 2018. 
  3. Turkey, Researcher of Folklore. «Karagöz» (på tyrkisk). Henta 20. februar 2018. 
  4. «Browse the Lists of Intangible Cultural Heritage and the Register of good safeguarding practices - intangible heritage - Culture Sector - UNESCO». www.unesco.org (på engelsk). Henta 20. februar 2018. 
  5. «A Shadow Play Surviving forSix Centuries, Karagöz». en.bursa.bel.tr (på engelsk). Bursa Metropolitan Municipality. Arkivert frå originalen 20. februar 2018. Henta 20. februar 2018. «Unima Bursa Branch andMetropolitan Municipality are organizing “BursaKaragöz and Shadow Plays Festival”every year inorder to introduce it to world’s attention.» 
  6. «Tyrkiet - teater | Gyldendal - Den Store Danske». www.denstoredanske.dk (på dansk). Henta 20. februar 2018. 
  7. «Karagiozis | Gyldendal - Den Store Danske». www.denstoredanske.dk (på dansk). Henta 20. februar 2018. 
  8. «Karagöz | Turkish shadow play». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 20. februar 2018. 
  9. «Shadow play Karagoz». Karagoz and Hacivat (på tyrkisk). 20. mai 2015. Henta 20. februar 2018. 
  10. Bilginer, Haluk; Dönmez, Sebnem; Beyaz (16. mars 2006). «Killing the Shadows». Henta 20. februar 2018. 
  11. «Farlig humor». www.b.dk (på dansk). 12. april 2006. Henta 20. februar 2018. 
  12. «Hacivat Karagöz Neden Öldürüldü?». Henta 20. februar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]