Ramadan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islam
Mosque02.svg
Dei fem søylene
sjahádah (trusvedkjenning)
salah (bøn)
zakát (almisser)
ramadán (fastemånaden)
hadj (valfart til Mekka)

Ramadan (arabisk رمضان, ) er den niande og heilagaste månaden i det muslimske året. Denne månaden er prega av bøn og avhald til ære for Gud. Denne månadslange fasten er rekna som ein av søylene i islam.

Faste[endre | endre wikiteksten]

I ramadan er muslimar pålagde å fasta frå soloppgang til solnedgang (eller mellom normale klokkeslett for desse om ein bur svært langt frå ekvator der dagane er svært korte eller lange). Å fasta tyder innan islam å avstå frå mat, drikke, røyking og seksuelt samkvem.

Fastepåbodet gjeld ikkje for dei som kan bli skada av å ikkje eta. Dette gjeld gamle, sjuke, ungar, gravide, ammande mødre, reisande og krigande. Dersom tilhøva endrar seg slik at ein kan ta igjen fasta, skal ein gjera det. Elles kan ein sørgja for mat for trengande for å vega opp for å ikkje fasta. Unge som er fritekne frå fasting, kan gjennomføra henne om dei ønskjer det.

Hovudgrunnen for fastinga i ramadan er at ein skal gjera det for Gud. I tillegg er det bra å kjenna til korleis fattige kjenner svolt og at rike og fattige har same opplevingar. Fasta kan vera ein prøve på at ein er lydig overfor Gud eller ei øving i motstandskraft som fører til ei løfting av anden til dei som fastar.

Fellesmåltid om kvelden, som dette i Kairo, er vanlege under ramadan. (Foto: Otto J. Simon)

Kveldsmåltida under ramadan like etter solnedgang, når ein bryt fasta, er ei viktig hending som ein prøver å feira saman med andre, helst familien. Id-festen når ramadan er over og månaden sjavvar har starta er likeeins ei stor høgtid i islam.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.