Kari Hesthamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kari Hesthamar
NMD19 - Kari Hesthamar (40850544173) (cropped).jpg
Fødd 28. januar 1971
Yrke skribent

Kari Hesthamar (fødd 28. januar 1971) er ein norsk journalist og forfattar frå Hesthamar.

Ho er utdanna journalist og har arbeidd i NRK sidan 1996, dei tre fyrste åra i NRK Rogaland, sidan i Radiodokumentaren på NRK P2 i Oslo[1][treng kjelde] frå 1999 til 2014, der ho har laga fleire prisløna radiodokumentarar. Hesthamar var leiar for Radiodokumentaren frå 2011 til 2014. I 2008 gav ho ut boka So long Marianne. Ei kjærleikshistorie (Spartacus). Boka er sidan omsett til fleire språk. Hesthamar jobba i perioden 2014-2016 som reporter i dokumentarmagasinet Vårt lille land på TV2. Frå 2016 til 2018 var ho tilsett som prosjektleiar for podkast i NRK. Hausten 2018 starta ho Svarttrost Produksjoner saman med Ellen Wisløff og Sindre Leganger. Selskapet lagar podkast med vekt på historieforteljing, og har levert ei rekke store seriar og dokumentarar til mellom andre NRK, Sveriges Radio og Lydbokforlaget Fabel.[2]

Hesthamar var med på antologiane Flukt (Spartacus 2015) og SO LONG. Norske forfattere om Leonard Cohen (Falck forlag 2017). Hesthamar var dramaturg på teateroppsetninga Hvem er den gale? om Arnold Juklerød, Teater Ibsen 2017. Regi Morten Cranner.

Ho er dotter til den tidlegare ordføraren i Ullensvang, Torolv Hesthamar.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

  • Prix Europa 1999, for Til kommunen skil dykk åt av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Tormod Nygaard. Konsulent: Gyrid Listuen.[3]
  • Prix Italia 2003, for Eit rom står avlåst av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Gyrid Listuen.[4]
  • Prix Radio 2003, Årets beste program, for Eit rom står avlåst av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Gyrid Listuen.
  • Ouinta Bienal Internacional de radio (Mexico) 2004, for Eit rom står avlåst av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Gyrid Listuen.
  • Prix Europa 2004, for Den brune pakken av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Berit Hedemann.[5]
  • Prix Radio 2004, Årets beste radioprogram, for Den brune pakken av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Berit Hedemann.
  • Prix Italia Special Commendation 2004, for Den brune pakken av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent Berit Hedemann
  • Prix Europa 2006, for So long, Marianne av Kari Hesthamar. Teknisk regi: Kåre Johan Lund. Konsulent: Berit Hedemann[6]
  • Prix Radio 2011, Årets spesialprogram, for Tonjes versjon av Kari Hesthamar og Tonje Aursland. Teknisk regi: Merete Antonsen. Konsulent: Berit Hedemann.[7]
  • Ullensvang mållag sin pris for god målbruk 2016
  • Årets bilde 2016. Videodokumentar 3. pris Frank Melhus (foto), Kari Hesthamar (regi) og Rune Blekken (klipp)[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wikipedia. «Radiodokumentaren på NRK P2» (bokmål). Wikipedia. 
  2. «Svarttrost». 
  3. Kari Hesthamar (01.08.2014). «Til kommunen skil dykk åt» (nynorsk). NRK. 
  4. Kari Hesthamar (29.12.2007). «Eit rom står avlåst» (nynorsk). NRK. 
  5. Kari Hesthamar (28.10.2011). «Den brune pakken» (nynorsk). NRK. 
  6. Kari Hesthamar (29.10.2011). «So long, Marianne.» (nynorsk). NRK. 
  7. Kari Hesthamar (12.11.2011). «Tonjes versjon» (nynorsk). NRK. 
  8. Årets bilde. Vinnere 2016