Hopp til innhald

Kari Mette Prestrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Mette Prestrud
Fødd28. april 1977 (47 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2005–2009)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2022–2023) Sjå dette på Wikidata

Kari Mette Prestrud (fødd 28. april 1977) er ein politikar frå Kråkstad i Akershus, som i 2022-23 representerte Akershus og SenterpartietStortinget.

Prestrud er utdanna jurist. Ho har arbeidd i politiet sidan 2004, siste tida i Politidirektoratet.

Prestrud har i periodar møtt på Stortinget, valt frå Akershus fylke og valkrins. Åra 2008 og 2009 møtte ho ved fleire høve som andre vararepresentant. Frå april 2022 til oktober 2023 hadde ho fast plass i stortinget då Sigbjørn Gjelsvik var statsråd, framleis vald frå Akershus og for Senterpartiet. Ho var medlem i Kommunal- og forvaltningskomiteen, siste to vekene i Helse- og omsorgskomiteen.