Kari Toverud Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kari Toverud Jensen

Fødd16. mai 1960
NasjonalitetNoreg
Yrkesjukepleiar, universitetslærar

Kari Toverud Jensen (fødd 16. mai 1960) er ein norsk sjukepleiar og pedagog med doktorgrad. Ho er førsteamanuensis ved Institutt for sykepleie og helsefremmende arbeid ved Oslomet – storbyuniversitetet. I 2011 blei ho vald som den første rektoren ved den dåverande Høgskolen i Oslo og Akershus, som vart skapt ved samanslåing av Høgskolen i Oslo og Høgskolen i Akershus. Høgskulen blei seinare til Oslomet – storbyuniversitetet. Ho sat i stillinga fram til 2015.[1]

Jensen har sjukepleiarutdanning frå Høgskolen i Oslo, og tok senere doktorgrad i pedagogikk (dr.polit.) ved Universitetet i Oslo i 2006. Ho blei tilsett som førsteamanuensis ved Høgskolen i Oslo, der ho også blei dekan for sjukepleiautdanninga.[2][3]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Khrono.no, besøkt 11. mai 2012
  2. Kari Toverud Jensen ny HiOA-rektor, Aftenposten
  3. «Arkivert kopi». Arkivert frå originalen 11. juli 2012. Henta 11. mai 2012.  besøkt 11. mai 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]