Karl Straube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Straube

Montegomery Rufus Karl Siegfried Straube (6. januar 187327. april 1950) var ein tysk organist, kordirigent og pedagog.

Straube var fødd i Berlin. Etter å ha lært orgelspel hjå Heinrich Riemann reiste han på konsertturné i Europa frå 1894 til 1897, og gjorde stor lukke. I 1897 fekk Straube jobben som organist i domkyrkja i Wesel, før han vart organist i Tomaskyrkja i Leipzig i 1902. Her spela han ei viktig rolle under «gjenoppdaginga» av Johann Sebastian Bach sin musikk. Frå 1907 var Straube professor i orgelspel på Leipzig-konservatoriet, og frå 1918 var han kantor i Tomaskyrkja.

Straube var ein nær ven av Max Reger, som han hadde møtt i ungdomsdagane, og urframførte størsteparten av Reger sine orgelverk. Det vert sagt at Reger, for å setja Straube på prøve, med vilje la inn «umoglege» speletekniske vanskar i musikken, men at Straube kvar gong meistra dei.

Straube sin orgelstil fekk stor innverknad på norske organistar, gjennom elevane Arild Sandvold og Ludvig Nielsen. Jan Bender, Hermann Keller, Heinrich Fleischer og Michael Schneider var òg mellom dei mange som lærte orgelspel hjå Straube.