Hopp til innhald

Wesel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Wesel
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Nordrhein-Westfalen
Region Düsseldorf
Landkreis Wesel
Høgd 23 m
Areal 122,56 km²
Folketal 61 277 (31. desember 2023)
Først nemnd på 700-talet
Postnummer 46483, 46485, 46487
Retningsnummer 02 81
Bilnummer WES
Kart
Wesel
51°39′31″N 6°37′04″E / 51.658611111111°N 6.6177777777778°E / 51.658611111111; 6.6177777777778
Wikimedia Commons: Wesel

Wesel er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg i kreisen Wesel der elva Lippe munnar ut i Rhinen.

Byen har sitt opphav i frankisk gods, som først vart nemnd på 700-talet. På 1100-talet kom Wesel inn under grevane av Cleves. Byen vart gjeve mange privilegium og vart eit medlem av Hansaen på 1400-talet. I hertugdømet Cleves var Wesel den nest viktigaste byen etter Köln og eit viktig handelssentrum som ei transitthamn i den nedre delen av Rhinen.

Den andre verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]
97 % av Wesel vart øydelagd under den andre verdskrigen.
Willibrordi-Dom i Wesel i 2005.
Foto: Hans Peter Schaefer

Under den andre verdskrigen vart Wesel eit mål for dei allierte, særleg på grunn av den strategiske rolla hans som fordelingssentral. 16., 17. og 19. februar 1945 var byen under eit kraftig åtak som nesten jamna han med jorda. Bruene over Rhinen og Lippe vart sprengd av tyskarane, mellom anna ei 1 950 meter lang jernbanebru, den siste brua tyskarane hadde over Rhinen. Under bombeåtaka vart 97 % av byen øydelagd og til slutt teke av allierte troopar. Folketalet i Wesel hadde falle frå nesten 25 000 i 1939 til 1 900 i mai 1945.[1]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Wesel