Karl X av Sverige
| Karl X Gustav | |||
| Karl X Gustav måla av Sébastien Bourdon 1652-53 | |||
| Konge av Sverige | |||
| Periode | 6. juni 1654-13. februar 1660 | ||
|---|---|---|---|
| Fødd | 8. november 1622 på Nyköpings slott i Södermanland | ||
| Fødestad | Nyköping | ||
| Død | 13. februar 1660 i Göteborg | ||
| Dødsstad | Göteborg | ||
| Mor | Katarina Karlsdotter Vasa | ||
| Far | Johann Kasimir | ||
| Ektefelle | Dronning Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp (frå oktober 1654) | ||
| Sambuar | Märta Allertz | ||
| Barn | med Brita Allerts, før ekteskapet:
med dronning Hedvig Eleonora:
| ||
| Medlem | Det Fruktbringende Selskab | ||
| Føregangar | Kristina av Sverige | ||
| Etterfølgjar | Karl XI av Sverige | ||
Karl X Gustav (8. november 1622–13. februar 1660) var konge av Sverige frå 1654. Kroninga fann stad den 6. juni 1654. Han var son av pfalzgreven Johan Kasimir av Pfalz-Zweibrücken og prinsessa Katarina av Sverige, dotter av kong Karl IX av Sverige. Karl X vart gift i oktober 1654 med Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp.
Karl X Gustav var ikkje konge lenge, men han utretta relativt mykje. Store delar av regjeringstida var han leiar av dei svenske styrkane i Polen, Tyskland og Danmark. Krigstoget var framgongsrikt og ein vann fleire sigrar. Toget over Storebelt, og deretter freden i Roskilde, er rekna som ein av Sverige sine største sigrar i krig.
Karl X Gustav døydde i 1660 i Göteborg. Han blei gravlagd utpå hausten same året.