Kristina av Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristina

Dronning Kristina måla av Sébastien Bourdon
Dronning av Sverige
Regjeringstid6. november 16326. juni 1654
(formyndarregjering til 8. desember 1644)
Fullt namnMaria Kristina Aleksandra
Fødd8. desember 1626 i Stockholm
FødestadStockholm, Tre Kronor slott
Død19 (9) april 1689 i Roma
DødsstadRoma
GravstadGrotte Vaticane, Peterskyrkja
FøregangarGustav II Adolf av Sverige
EtterfølgjarKarl X Gustav av Sverige
DynastiVasaætta
MottoColumna regni sapientia
(«Visheten är rikets stöd»)
FarGustav II Adolf av Sverige
MorMaria Eleonora av Brandenburg

Kristina (8. desember 162619. april 1689) var regjerande dronning av Sverige frå 1644 til 1654. Ho var dotter av kong Gustav II Adolf av Sverige og Maria Eleonora av Brandenburg, og arva trona då faren fall i slaget ved Lützen den 6. november 1632. Kristina styrte først under formyndarskap, og blei krona den 20. oktober 1650. Ho sa frå seg krona den 6. juni 1654, konverterte deretter til katolisismen og via resten av livet sitt til religion og vitskap.

Filosofen René Descartes i samtale med dronning Kristina

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Kristina var fødd i Stockholm den 7. eller 8. desember[1] (etter den julianske kalenderen, 17 eller 18. desember etter den gregorianske) 1626 som det einaste opplevande barnet til den svenske kongen Gustav II Adolf og kona hans Maria Eleonora av Brandenburg. To andre barn hadde døydd tidleg.[2]

Kristina skildra sin eigen fødsel i sjølvbiografien sin: «Jag föddes med segerhuva och hade allenast ansiktet, armarna och benen fria. Jag var luden över hela kroppen och hade en grov, stark stämma. Allt detta gjorde att mina jordemödrar, som tog emot mig, trodde att jag var en gosse.»[3][a] Ein hadde hatt høge forventinga om ein arveprins, og det var førebudd ein prinsesalutt frå kanonane. Etter at jordmødrene hadde meddelet feil kjønn tok kongen si halvsyster Katarina den nyfødde med seg til kongen og viste han at det var ei jente. Kongen tok imot dotter si med glede.[3] Han skal ha sagt: «Låtom oss tacka Gud, min syster. Jag hoppas, att denna flicka skall bliva mig så god som en gosse. Jag beder Gud, att han bevarar henne, eftersom han har gett mig henne.»[3] I 1627 fekk kongen stenderforsamlinga til å godkjenna henne som «rätta arffurstinna och drottning».[2]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Denne framstillinga av fødselen har bidrege mykje til den ubekrefta medisinske teorien om at dronning Kristina kan ha vore hermafroditt, eller pseudohermafroditt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Datoen varierar mellom ulike kjelder
  2. 2,0 2,1 Nordisk Familjebok, sp. 1416
  3. 3,0 3,1 3,2 Stolpe 2004, s. 36
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.