Kars

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kars
by
Kars sett frå festninga
Land  Tyrkia
Region Aust-Anatolia
Provins Kars
Høgd 1 768 moh.
Koordinatar 40°37′N 43°6′E
Folketal 73 826
Borgarmeister Nevzat Bozkuş
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Kart
Kars
40°36′28″ N 43°5′45″ E
Wikimedia Commons: Kars

Kars (armensk Կարս Kars, aserbajdsjansk Qars, armensk Qers) er ein by i nordaust Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Kars. Byen har kring 75 000 innbyggjarar (2010). Kars ligg på 1 700 meters høgd over havet. Byen har ei over tusenårig historie og er prega av plasseringa ved grensa til Armenia og tidlegare Sovjetunionen. Byen hadde ein stor armensk folkesetnad fram til folkemordet på armenarane under første verdskrigen.

Nobelprisvinnaren Orhan Pamuk sin roman Snø (tyrkisk: «Kar») finn i hovudsak stad i Kars, under eit fleire dagar langt snøfall.

Karsborga ligg på ei klippe ovanom Kars.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kars har eit fuktig kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering: Dfb) har store temperaturvariasjonar mellom sommar og vinter, på grunna vhøgda. Somrane er forholdsvis korte og varme med kjølige netter. Middeltemperaturen i august er 26 ºC. Vintrar er særs kalde. I januar er minimumstemperaturen er -18 ºC, temperaturane kan derimot falle til -40 ºC om vinteren.

Vêrdata for Kars
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 8,4 12 18,8 25 27 31,4 35,4 35,4 32,6 26,8 21,9 15,6 35,4
Gjennomsnittleg maks °C −6 −4 1 10 17 21 26 26 22 15 7 −2 11
Gjennomsnittleg min °C −18 −16 −11 −2 3 6 9 9 4 0 −5 −13 −3
Lågast målte °C −31,8 −33,1 −30,2 −18,4 −6 −2,8 1,2 1,6 −4,2 −15,8 −29,4 −30,4 −33,1
Gjennomsnittleg nedbør mm 19,5 22 29,2 51 78,4 72,1 55,1 41 28,1 42 27,6 21,2 487,2
Gns. luftfukt (%) 83 85 78 68 65 65 63 55 57 62 73 83 70
Gns. solskinstimar i månaden 96,1 112 155 177 226,3 276 322,4 316,2 252 198,4 135 96,1 2 362,5
Kjelde: Bfvt. Weather [1]Hong Kong Observatory [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]