Karsten Alnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Karsten Alnæs
Karsten Alnæs.jpg
Karsten Alnæs i 1976
Foto: Leif Ørnelund, Oslo Museum
Fødd 29. mai 1938
Hønefoss
Yrke journalist, historikar, skribent

Karsten Ivar Alnæs (fødd 29. mai 1938) er ein norsk forfattar, historikar og journalist som mellom anna er kjend for dei to historiske bokseriane Historien om Norge og Historien om Europa.

Karsten Alnæs er utdanna cand.philol med hovudfag i nordisk frå Universitetet i Oslo (1963). Han debuterte som forfattar i 1975 med novellesamlinga Veps. Alnæs slo gjennom med Felttoget i 1976. Forfattarskapen hans rommar historiske romanar, fagbøker, barnebøker og romanar med handling frå lokalmiljø i hovudstaden. I 1992 fekk han Brageprisen og Bokhandlarprisen for romanen Trollbyen. Romanen Sabina (1994) er omsett til ei rekkje språk.

Alnæs har arbeidd som lektor i vidaregåande skule og undervist ved Journalisthøgskulen. Han var formann i Den norske Forfatterforening frå 1985 til 1987 og igjen frå 1999 til 2001. Han var dessutan kulturredaktør i Dagbladet frå 1987 til 1991.

Alnæs vart brukt som konsulent for fjernsynsserien Kvardagsliv som gjekk på NRK i jula 2000. I 2003 var han programleiar for fjernsynsserien Historien om Norge som var basert på hans eigen bokserie.

I 2006 fullførde Karsten Alnæs det historiske storprosjektet sitt i fire bind, Historien om Europa. Han har tidlegare gjeve ut det historiske verket Historien om Norge i fem bind (1996–2000).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Roller og mønstre i massemedia – fagbok, journalistikk (1971)
  • Om språklig tilgjengelighet – fagbok, journalistikk (1971)
  • Språk og massemedier – fagbok (1973)
  • Veps – noveller (1975)
  • Felttoget – historisk roman (1976)
  • Gaia – roman (1977)
  • Havherre og sjøtrell – historisk roman (1978)
  • Kjempesmell og blå dager – roman (1981)
  • Flyktende kongers følge – historisk roman (1982)
  • Kom kjærlighet – roman (1983)
  • Norges- og verdenshistorie før 1850 – fagbok (1984)
  • Øy – roman (1985)
  • Sjøgossen – forteljing (1986)
  • Det grøne landet – barnebok (1986)
  • Even 1814 – historisk roman (1989)
  • Trollbyen – roman (1992)
  • Denne forunderlige by – medforfattar i Oslo-antologi (1993)
  • Sabina – roman (1994)
  • Det ligger et land – bind 1 av Historien om Norge (1996)
  • Under fremmed styre – bind 2 av Historien om Norge (1997)
  • Mot moderne tider – bind 3 av Historien om Norge (1998)
  • En ny arbeidsdag – bind 4 av Historien om Norge (1999)
  • Femti rike år – bind 5 av Historien om Norge (2000)
  • Historien om Norge i bilder og fortellinger – også utgjeven på engelsk (2001)
  • En fremmed – roman (2002)
  • Barcelona – Et katalansk fyrverkeri – kulturguide(2002)
  • Lisboa – kulturguide (2002)
  • Historien om Europa 1 (1300–1600) – historie (2003)
  • Historien om Norge – spørjebok (2003)
  • Historien om Europa 2 (1600–1800) – historie (2004)
  • Historien om Europa 3 (1800–1900) – historie (2005)
  • Historien om Europa 4 (1900–1945) – historie (2006)
  • Jeg spenner mine ski – kulturhistorie (2007)
  • Bakenfor alle farger – sjølvbiografisk roman (2008)
  • Kongsvingeravtalen 1809 (2009)
  • Ikke dø, Sophie (2009)
  • Grevens tid (2011)
  • 1814 Miraklenes år (2013) – historie

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]