Kartesisk produkt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

I matematikk er det kartesiske produktet av to mengder A og B, mengda av alle par av element, (a,b), der aA og b ∈ B. Denne mengda vert skrive A × B, og med matematisk notasjon skriv ein

Ein kan òg definere det kartesiske produktet for fleire enn to mengder. Viss A1, …, An er mengder, så er det karteiske produktet samansett av alle n-tupler, det vil seie alle moglege kombinasjonar (a1,…,an), der kvar aiAi. Dette vert skrive

.

Viss alle Ai’ane er den same mengda A, kan ein òg skrive An for det kartesiske produktet A1×...×An.

Omgrepet «kartesisk» kjem frå «Cartesius», den latiniske forma av namnet til den franske matematikaren og filosofen René Descartes (1596-1650).