Kasimov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kasimov
Касимов
Horisonten til
Flagget til Kasimov Byvåpenet til Kasimov
Flagget til Kasimov Byvåpenet til Kasimov


Plassering
Kasimov is located in Russland
Kasimov is located in Rjazan oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Rjazan oblast
Grunnlagd 1152
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)

34 500
Koordinatar 54°56′00″N 41°24′00″EKoordinatar: 54°56′00″N 41°24′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 3913xx
Retningsnummer (tlf) +7 49131
Nettstad: www.kasimov-gorod.ru

Kasimov (russisk Касимов, tatarisk Касыйм, Qasím) er ein by i Rjazan oblast i Russland med om lag 35 000 innbyggjarar. Byen ligg på venstre breidda av elva Oka, rundt 120 km aust for Rjazan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein minaret frå 1400-talet i Kasimov
Shahgali-mausoléet (1550-talet)

Dei første innbyggjarane i dette området var ei finsk-ugrisk stamme kalla Mesjtsjora, som seinare vart assimilert av russarar og tatarar. Byen vart grunnlagd i 1152 av Vladimir-Suzdal-fyrsten Jurij Dolgorukij som Grodets, seinare Gorodets Mesjtsjorskij (russisk: Городец Мещёрский). Han hamna under Misjar Jort-delen av Den gylne horden, men vart så seld til Moskva.

I 1376 vart byen øydelagd i den mongolske invasjonen, men vart snart gjenoppbygd som byen Novyj Nizovoj (Ny lågtliggande, russisk: Новый Низовой). Etter slaget ved Suzdal i 1445 (der Storhertug Vasilij II vart teken til fange), vart Mesjtsjora-området gjeve til Olug Moxammat, khanen i Kazankhanatet som løysepengar for livet til fyrsten.

I 1452 gav Storhertug Vasilij II av Moskva denne byen til Kazanfyrsten Qasim khan, som var skatteinspektør for Den gylne horden, men som hamna i teneste for russarane. I følgje andre historier flykta Qasim og bror hans Josif frå Kazan etter å ha tapt kampen om trona mot bror deira Mäxmüd. Etter 1471 var byen kjend som Qasím-byen. Han vart verande hovudstad i Qasimkhanatet fram til 1681 da khanatet igjen vart ein del av Russland.

Ei gruppe tatarar busette seg her på 1400-talet og er no kjend som Qasim-tatarar. Dei snakkar Misjar-dialekten, blanda med ein middel-tatarisk dialekt av tatarisk.

Attraksjonar i Kasimov[endre | endre wikiteksten]

Historiske bygningar:

  • Steinmoske (1467)
  • Mausoleum for Shahgali (Şahğäli) Khan (1555)
  • Mausoleum for Afghan Moxammad (Äfğan Möxämmäd) Khan (1658)
  • Russisk ortodokse kyrkjer:
    • Epifani-kyrkja (russisk: Богоявленская церковь) 1600-talet.
    • Nikolai-kyrkja (russisk: Никольская церковь) 1600-talet.
    • Treenighetskyrja (russisk: Троицкая церковь) 1600-talet.
    • Kristi Himmelfartskatedralen (russisk: Вознесенский собор) 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kasimov