Skopin
| Skopin | |||
| Скопин | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Rjazan oblast | ||
| Areal | 30,9 km² | ||
| Folketal | 24 055 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 1100-talet | ||
| • Bystatus | 1676 | ||
| Retningsnummer | +7 49156 | ||
![]() Skopin 53°49′00″N 39°33′00″E / 53.816666666667°N 39.55°E | |||
| Wikimedia Commons: Skopin | |||
Skopin (russisk Скопин) er ein by i Rjazan oblast i Russland med om lag 25 000 innbyggjarar. Byen ligg ved elva Vjorda, i nedslagsfeltet til Oka, rundt 100 km sør for Rjazan.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Skopin er ein av dei eldste byane i Rjazan oblast. Busetnaden Likharevskoje Gorodisjtsje nær dagens Skopin vart grunnlagd ein gong på 1100-talet. Det var festningsverk rundt byen med vollgraver og vollar for verne han mot kiptsjakane. I 1663 (eller 1597, i følgje ei anna kjelde) bygde tsaren ei festning i tre på staden til dagens Skopin, som skulle verte ein del av forsvarssystemet søraust for Storfyrstedømet Moskva. Det vart kalla Skopinskaja sloboda frå slutten av 1600-talet. I 1778 fekk byen namnet Skopin. På 1700-talet vart byen mindre militært viktig.
I andre halvdel av 1800-talet starta utvinning av brunkol i utkanten av Skopin, noko skulle vare heilt til 1989.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Skopin» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
