Kategoridiskusjon:Europeiske folkegrupper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Olve skriv i ein parentes at denne kategorien er fagleg tynn. Det kan vel hende, og eg skjønar kva han meiner, men korleis skal vi da kategorisere slike historiske folkegrupper eller etniske grupper som keltarane? Berre på kultur? --Erling 13. juli 2005 kl. 19:45 (UTC)

Mnja.... Eitt av problema her er «kva tyder ‘europeisk’»? Dét er vel det største problemet med kategorien. Tyder det «i Europa»? Og i så fall: Kvar går grensene mellom Europa og «ikkje-Europa»? Eller er europeisk uttrykk for ei bestemt kulturgruppe? I så fall: Hører samar med her? Jødar? Romafolk? (Berre for å nemne nokre norske urfolk og nasjonale minoritetar...) Og kva med baskarar og kaukasiarar? Sibirske russarar? Eller utprega britisk-kulturelle folk oppvaksne i Boston eller Auckland...? Eg har lurt på om Kategori:Folkegrupper i Europa kunne vera ein idé. Og/eller Kategori:Indoeuropeiske folkegrupper. I den grad ein eigentleg kan snakke om dét. Men det gjer ein jo... :) Olve 13. juli 2005 kl. 20:58 (UTC)
Dette er vel kategorien for alle folkegrupper som hovudsakleg er tilknytta Europa. Både samar, romafolk, sefardiske og askenasiske jødar høyrer heime her. Det same gjer tidlegare folkegrupper som gotarar og maurarar, og då synest eg det passer betre med nemninga europeiske, fordi i Europa høyrest litt for notidsaktig ut. Me kunne sjølvsagt òg løysa dette på ein heilt annan måte, til dømes kategori:historiske folkegrupper i Europa (eller europeiske folkegrupper). Kategori:Indoeuropeiske folkegrupper er òg ein god idé, einaste problemet er at det kan vera vanskeleg å plassera folk rett, enkelt og nøytralt i større folkegrupper. -- Ranveig 13. juli 2005 kl. 21:09 (UTC)