Kategoridiskusjon:Harry Potter

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norske eller engelske namn[endre wikiteksten]

Eg gjer framlegg om at dei norske namna til dei ulike personane i Harry Potter-universet blir lagt til grunn for artiklane. Den norske omsetjaren har argumentert godt for dette i mange samanhengar. Trondtr 19:52, 17 september 2006 (UTC).

Eg stemmer nei.
  1. Me held oss til originalnamn ellers når det gjeld kunstverk; musikkstykke, boktitlar, filmtitlar osb.
  2. Forfattaren har ikkje skrive om t.d. Ronny Wiltersen, men Ronny Weasley
  3. Skal me gjere unntak berre for desse bøkene? Når det gjeld The Lord of the Rings vil me truleg ha tre ulike namn på ein del personar når nynorskomsettinga kjem. I alle høve har m e to på fleire av dei allereide.
  4. Kor er desse argumenta hans?
--Ekko 19:58, 17 september 2006 (UTC)
Det er vedteke at slikt skal ha originaltitlar, uansett kva det er mest kjent som i Noreg, men hugs å omdirigere frå norsk namn! --EIRIK\diskusjon 20:16, 17 september 2006 (UTC)

Her fann eg ein tidlegare diskusjon Diskusjon:Hermione_Granger, og her: Wikipedia-diskusjon:Originale_eller_omsette_namn. --Ekko 20:23, 17 september 2006 (UTC)

Omsetjaren har ikkje argumentert for språkval her, sjølvsagt, men for språkval i omsetjingane. Argumentet for å omsetje namna er at dei eingelske namna ikkje er tilfeldige, men at dei har ei meining for den engelskspråklege lesaren. Denne meininga går tapt for den norskspråklege lesaren viss namna ikkje blir omsett. Dermed har omsetjaren omsett dei. Eg vil tru at det er seld fleire norsk- enn engelskspråklege Harry-Potter-bøker i Noreg, for dei som har kjøpt og lese desse bøkene er det dei norskspråklege namna som gjeld. Prinsippa du refererer til ovafor er no elles ikkje så vasstette at det gjer noko, jf. t.d. boktitlane til Jules Verne. eller referansen til Tryllefløyten (!) og Figaros bryllup i Wolfgang Amadeus Mozart. Kva du trur, skal vi omsetje Verne-titlane til fransk?
No såg eg diskusjonane du viste til, eg visste ikkje at dette hadde vore oppe før. Det eg ikkje fekk heilt klårt for meg var kva som var konklusjonen (eg såg ikkje heilt dei gode argumenta for originalnamna). Men omdirigering, i alle fall, den eine eller den andre vegen. Trondtr 20:35, 17 september 2006 (UTC).
  1. Nynorsk wikipedia er i det heile ikkje vasstett
  2. Eit godt prinsipp er å aldri la prinsippa stå i vegen for å gjera det som er rett
  3. Alle gode artiklar har mange omdirigeringar
Venleg helsing Ekko 21:22, 17 september 2006 (UTC)

Eg vil ôg gjerne bruka norske namn om Harry Potter-figurane og omgrepa der. Dette er bøker som blir lesne av mange ungar, på norsk. På filmpremierar kler dei seg ut som Albus Humlesnurr og Hermine Grang. For desse vil det vera både lettare og kjekkare å lesa om figurane med norske namn. Og det er desse me bør ta omsyn til - ikkje JK Rowling, Harry Potter, eller dei som kan lesa artiklar om bøkene på engelsk. -- Ranveig 10:22, 18 september 2006 (UTC)

Helst vil eg ha eit overordna prinsipp, kva for eit har eg ikkje sterke synspunkt på. Men det blir mindre arbeid om me held på dagens ordning. Men dersom ein ser på Ekkos andre teorem ovanfor så går det jo ann å seie at me gjer ein ting når det gjeld Harry Potter og ein annan ting når det gjeld t.d. The Lord of the Rings. --Ekko 10:49, 18 september 2006 (UTC)
Kva med: "Artiklar skal i så stor grad som råd ligga der ein vanleg brukar kan venta å finna dei." Då kan me følga ditt andre teorem òg (eigentleg burde det vel vera den nullte loven for det meste...) og gje uventa namn til fleirtydingsemne. -- Ranveig 16:41, 18 september 2006 (UTC)
Men då får me berre same diskusjonen, men under namnet "Kva ventar ein vanleg brukar seg...?". --Ekko 18:58, 18 september 2006 (UTC)
«...om me held på dagens ordning» — slik som han er spegla i Jules Verne-artikkelen, då, går eg ut i frå :-) Trondtr 16:59, 18 september 2006 (UTC).
Den artikkelen er ein ordningsbrytar. Fy! --Ekko 18:58, 18 september 2006 (UTC)