Kateket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kateket (gresk: kathekein, «undervise») er ein kyrkjeleg tilsett med undervisningsoppgåver i kyrkjelyden.

Den norske kyrkja[endre | endre wikiteksten]

Katekettenesta vart innført i Den norske kyrkja ved lov av 19. juni 1969, ei lov som vart oppheva då kyrkjelova trådde i kraft 1.1.1997. Kateketar er utdanna spesielt for undervisningsarbeidet, spesielt konfirmantundervisning og ungdoms- og studiearbeid, men òg anna dåpsopplæring.

Etter tenesteordninga skal dei som tilsetjast som kateketar ha minst fire års utdanning som omfattar utdanning i kristendomskunnskap, pedagogikk eller teologi, eller vere vigsla eller fast tilsett som kateket.

Kateketar i Den norske kyrkja er tilsette med Kyrkjeleg fellesråd som arbeidsgjevar. Kateketen kan verte vigsla etter forodna liturgi, og han står under tilsyn av biskopen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Den norske kyrkja