Katrin Apel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katrin Apel
Katrin Apel (2012-08-14 Vortour der Hoffnung) (cropped).JPG
Fødd 4. mai 1973
Erfurt
Yrke skiskyttar
Katrin Apel på Commons

Katrin Apel (fødd 4. mai 1973) er ein tysk skiskyttar. Ho er to gonger olympisk meister og fleire gonger verdsmeister på stafett med det tyske laget.

Apfel vart fødd i Erfurt i Thüringen i DDR. Ho gjekk på sportsskule (Kinder- und Jugendsportschule) i Oberhof. Frå 1989 til 1993 tok ho lærarutdanning i Schmalkaldehn. Deretter gjekk ho inn i idrettsgruppa i den tyske hæren, Bundeswehr. Ho bur med sambuaren Thomas Burmann i Gräfenroda nær Oberhof.

Apel starta idrettskarrieren sin som langrennsløpar. Etter at ho ikkje klarde å kvalifisera seg til OL på Lillehammer i 1994 gjekk ho over til skiskyting. Allereie i VM i 1996 i Ruhpolding vann ho gull med stafettlaget og i lagkonkurransen. Ho har seinare vore med på to VM-stafettgull til, og OL-gull i stafett i både 1998 og 2002. Individuelt har ho to VM-sølv, og ein OL-bronse. 2001/02-sesongen var Apel sin beste sesong så langt, då vann ho sine tre første verdscuprenn, og kom på 5. plass i verdscupen samanlagt.

Kortfatta merittliste[endre | endre wikiteksten]

(per 26. februar 2006)

  • Verdscupen samanlagt:
    • 5. plass (2001/02)
  • Verdsmeisterskap:
    • 4 gull, 5 sølv, 1 bronse (beste individuelt: 2 sølv, på sprint i 2000 og fellesstart i 2004)
  • Olympiske leikar:
    • 2 gull, 1 sølv, 1 bronse (beste individuelt: bronse, sprint 1998)
  • Verdscuprenn:
    • 4 gull, 5 sølv, 8 bronse