Kattfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kattfjorden er ein fjord på nordvestsida av Kvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km frå Tussøya og søraustover til Lauklinesøya der Nordfjorden går vidare austover.

Fjorden har innløp mellom Angstaursundet på austsida av Tussøya i nord og Sandvika på sørsida av Tussøya i vest. Bygda Vasstrand ligg på austsida aust for Tussøya. Andre busetnader ved fjorden er Sandneshamn på sørvestsida og Tulleng litt sør for Vasstrand. Ved Lauklinesøya deler fjorden seg i to. Nordfjorden går austover, medan Sørfjorden går sørover.

Riksveg 862 går langs sørsida av fjorden.