Sørfjorden på Kvaløya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Sørfjorden er ein fjordKvaløya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 2,5 km sørover til gardsbruka Moen og Bakken i botn av fjorden. Han er ein fjordarm av Kattfjorden som ligg lenger nord.

Fjorden har innløp mellom Løvland i vest og Skilneset i aust. Frå Skilneset og austover går Nordfjorden. Grenda Sjøtun ligg på vestsida av fjorden.

Riksveg 862 går og inn og ut begge sider av fjorden.