Kenneth Braaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kenneth Braaten
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. september 1974 (49 år)
Mo i Rana
Yrke kombinertløpar
Høgd 180 centimeter

Kenneth Braaten (fødd 24. september 1974) er ein tidlegare norsk kombinertløpar som representerte Bossmo Ytteren.

Han var med på det norske laget som vann gull i lagkonkurransen under Vinter-OL 1998 i Nagano. Tidlegare same året vann han sin første, og karrieras einaste, siger i verdscupen, i eit sprintrenn i Ramsau. Han var og med på å vinne gull i lagkonkurransen under Ski-VM i Lahti i 2001.

Braatens siste internasjonale meisterskap var Ski-VM 2005 i Oberstdorf. Etter skuffande resultat i dette meisterskapet valde Braaten å legge opp.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]