Keynesianisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Keynesianisme er ein samfunnsøkonomisk skule opphavleg lansert i 1936 av den britiske økonomen John Maynard Keynes. Teorien inneheld blant anna idéar om korleis ei regjering kan dempe konjunktursvingingar gjennom å styre den samla etterspørselen i samfunnet.

Ein kan sjå visse element av keynesianisme i politikken til Nygaardsvold-regjeringa frå 1935 - kor mykje, er omdiskutert. Etter andre verdskrigen vart teorien akseptert i fleire europeiske land, og kom til å påverke den økonomiske politikken deira. Noreg og Sverige var blant desse landa. Keynesianisme er eit av elementa i det som har vorte kalla den skandinaviske modellen, den demokratiske blandingsøkonomien.

Stabiliseringsinstrumentet i ein keynesiansk modell er i første rekkje finanspolitikk. Den er mest effektiv i ein økonomi med faste valutakursar. Ved flytande valutakursar er det dominerande stabiliseringspolitiske instrumentet pengepolitikken, det vil seie sentralbanken si regulering av rente og pengemengd i samfunnet.

Kjelde: I hovudsak svensk wikipedia, art. Keynesianism.