Khalid Sheikh Mohammed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotografi av Khalid Sheikh Mohammed gjeven av FBI.

Khalid Sheikh Mohammed (fødd 1. mars 1964 eller 14. april 1965 i Kuwait[1]) er ein islamistisk terrorist som vert rekna som hovudarkitekten bak terroråtaka 11. september 2001. Mohammed voks opp i Kuwait, og reiste som ung for å ta utdanning i Sambandsstatane. I 1986 fullførte han ein bachelorgrad innan maskinteknikk ved North Carolina A&T. Sidan reiste han til Peshawar på grensa mellom Pakistan og Afghanistan, der han vart sekretær for den afghanske krigsherren Abdul Rasul Sayyaf. I 1996 møtte Mohammed Osama bin Laden, og kom med fleire forslag til åtak på Sambandsstatane. Han vart arrestert i Pakistan i 2003, og er per 2020 ein av dei insette i Guántanamo-leiren.[2]

Mohammed er onkel til Ramzi Yousef, mannen som stod bak bombinga av Verdshandelssenteret i New York i 1993.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Wright, L. (2006). The Looming Tower: Al-Qaeda and the Road to 9/11 (s. 429). New York: Vintage Books. ISBN 9781400030842

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pearson, E. (2014), «Khalid Sheikh Mohammed», Encyclopædia Britannica. Henta 9. juni 2020.
  2. Rosenberg, C. (2020, 17. april). The 9/11 Trial: Why Is It Taking So Long?. The New York Times. Henta frå https://www.nytimes.com/2020/04/17/us/politics/911-trial-guantanamo.html
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.