Osama bin Laden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Osama bin Laden
أسامة بن محمد بن عود بن لادن
Osama bin Laden portrait.jpg
Fullt namn Usāmah bin Muhammad bin `Awad bin Lādin
(arabisk: أسامة بن محمد بن عود بن لادن)
Fødd 10. mars 1957, Riyadh i Saudi-Arabia
Død 2. mai 2011, Abbottabad i Pakistan

Osama bin Laden (10. mars 19572. mai 2011) var ein saudiarabar rekna som grunnleggjar og sjef for al-Qaida, ein militant islamistisk organisasjon som har vore involvert i terroriståtak mot sivile og militære mål rundt om på kloden.

Leiar av al-Qaida[endre | endre wikiteksten]

Bin Laden grunnla al-Qaida i 1988-89 for å støtta og trena utanlandske muslimske motstandsstyrker mot Sovjetunionen under Den afghansk-sovjetiske krigen. Etter at sovjetarane trekte seg ut av Afghanistan i 1989 vende bin Laden tilbake til Saudi-Arabia. Året etter invaderte Irak under Saddam Hussein nabolandet Kuwait, noko som også sette dei saudiarabiske oljefelta i fare. Bin Laden tilbaud sine trente mujahedin til å forsvara landet, men kong Fahd tok heller imot hjelp frå amerikanske og allierte styrker. Det at desse styrkane fekk koma inn i og vanhelga «landet med dei to moskeane» (Mekka og Medina) gjorde bin Laden rasande. Etter å ha talt imot styresmaktene for å ta imot amerikanske styrker blei han landsforvist. Oppmoda av Hassan al-Turabi drog bin Laden og al-Qaida i eksil til Sudan, der Omar al-Bashir nyleg hadde teke makta. Dei hjelpte dei sudanesiske styresmaktene gjennom å setja opp ulike verksemder og militære treningsleirar.

I 1993 støtta Saudi-Arabia Oslo-avtalen mellom Israel og palestinarane, noko som førte til skarp kritikk frå Bin Laden. Han heldt fram med skarpe åtak på kong Fahd, og i 1994 blei han fråteken det saudiske statsborgarskapet sitt. Eigedommen hans i heimlandet blei frosen og familien tok offentleg avstand frå han. I 1998 førte terroråtak mot dei amerikanske ambassadane i Kenya og Tanzania til at al-Qaida og bin Laden blei verdskjende.[1]

Styresmaktene i Sambandsstatane (USA) peika ut Osama bin Laden som hovudmannen bak terroråtaka 11. september 2001, då to fly styrta inn i Verdshandelssenteret i New York og om lag 3 000 menneske vart drepne. I oktober 2004 dukka det opp ein videosnutt der Osama bin Laden vedgjekk å stå bak 11. september-åtaka. Han oppgav som hovudgrunn eit ønske om å straffa stormakta som tillét Israel å invadera Libanon i 1982.[2]

Sidan levde han på ulike stader i lite folkesette strok av Pakistan og Afghanistan. Osama bin Laden var rekna som den mest ettersøkte mannen i verda. USA hadde lova å gje ut store pengesummar til den som peika ut kvar han er. I ein fjernsynstale seint om kvelden 1. mai 2011 (USA-amerikansk tid) opplyste president Barack Obama at amerikanske spesialstyrkar hadde tatt livet av Osama bin Laden i eit hus i småbyen Abbottabad nord for Islamabad i Pakistan.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Osama bin Laden

Referansar[endre | endre wikiteksten]