Khalil Gibran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khalil Gibran

Statsborgarskap Det osmanske riket, State of Greater Lebanon, Lebanese Republic under French mandate
Fødd 6. januar 1883
Bsharri
Død

10. april 1931 (48 år)
New York by

Yrke skribent, lyrikar, kunstmålar, filosof
Språk Lebanese Arabic
Sjanger dikt, Parabel i litteraturen, novelle, fabel, skodespel
Signatur
Khalil Gibran på Commons

Khalil Gibran (6. januar 188310. april 1931) var ein libanesisk forfattar som emigrerte til USA og var ein sentral person i Majhar-gruppa som bestod av arabiske forfattarar busett i Amerika. Gibran var ein av dei tidlegaste arabiske forfattarane som braut med den tradisjonelle diktforma, og vert knytt til både den romantiske skulen og rørsla for «frie vers». Han skreiv også dikt og prosa på engelsk, og det mystiske, poetiske prosaverket Profeten vart svært populært i Vesten. Gibran var også ein dyktig skulptør og biletkunstnar, og studerte mellom anna kunst i Frankrike som elev av Auguste Rodin.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Khalil_Gibran» i Store norske leksikon, snl.no.