Khazarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Khazarriket 650–850

Khazarar eller khasarar var ei halvnomadisk tyrkisk folkegruppe frå Sentral-Asia som herska over eit større rike frå 600- til 900-talet. På høgda av si makt kontrollerte dei store delar av det som i dag er det sørlege Russland, Vest-Kasakhstan, Aust-Ukraina og store delar av Kaukasus (medrekna Dagestan, Aserbajdsjan, Georgia) og Krim-halvøya.

Khazarriket hadde ei viktig rolle som handelsveg mellom Europa og Asia, og var bufferstat mellom det kristne bysantinske riket og det muslimske omajaderiket. I Khazarriket budde mange jødar, og på 700-talet konverterte khazarherskaren Bulan og fleire adelsfolk til jødedommen. Elles var befolkninga kristen eller muslimsk, medan den opphavleg stammereligionen deira seinare er blitt kjend som tengriisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Mendelsohn, Oskar. «Khazarer» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Henta 24. november 2013.
Spire Denne historieartikkelen som har med Russland og Ukraina å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.