Hopp til innhald

Khvalynsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Khvalynsk
Хвалынск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Saratov oblast
Areal 46 km²
Folketal 12 042 (2021)
Grunnlagd 1556
   Bystatus 1780
Retningsnummer +7 84595
Kart
Khvalynsk
52°29′00″N 48°06′00″E / 52.483333333333°N 48.1°E / 52.483333333333; 48.1
Wikimedia Commons: Khvalynsk

Khvalynsk (russisk Хвалы́нск) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 180 km nordaust for Saratov.

Byen Khvalynsk vart grunnlagd i 1556 som ein russisk utpost på Sosnovyj-øya i Volga. I 1606 vart heile busetnaden flytta til staden der dagens Khvalynsk ligg og vart kjend som Sosnovyj Ostrov (russisk Сосновый Остров, omsett 'Granøya'). I 1780 fekk byen byrettar og nytt namn, Khvalynsk.

Namnet på byen, som det gamle namnet på Kaspihavet, «Khvalynsjøen» er avleidd frå namnet «Khwalis» for innbyggjarane i Khwarizm.

På 1700- og 1800-talet var Khvalynsk kjend som eit lokalt senter for handel med brød og jordbruksprodukt. Han var òg eit av sentera for dei gammaltruande.

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Khvalynsk