Rtisjtsjevo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rtisjtsjevo
Ртищево
Horisonten til
Flagget til Rtisjtsjevo Byvåpenet til Rtisjtsjevo
Flagget til Rtisjtsjevo Byvåpenet til Rtisjtsjevo



Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Saratov oblast
Først nemnt i
Bystatus
1666
1920
Geografi
Flatevidd
 - By

32 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

43 300
  1 353,1 /km²
Høgd over havet 210 moh
Tidssone
- Ved sommartid
SAMT (UTC+4)
SAMST (UTC+5)
Diverse annan informasjon
Postnummer 412030 — 412036
Retningsnummer (tlf) +7 84540
Nettstad: rtishevo.ru/

Rtisjtsjevo (russisk Рти́щево) er ein by i Saratov oblast i Russland med om lag 45 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 170 km nordvest for Saratov.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aleksander Nevskij-kyrkja
Jernbanestasjonen Rtisjtsjevo-I

Busetnaden vart grunnlagt på slutten av 1500-talet eller byrjinga av 1600-talet. Alt i 1666, då han første gong er nemnt i historiske dokument, var det ei kyrkje på staden. Fram til 1723 heitte landsbyen Pokrovskij etter kyrkja. I 1723 vart landområdet, etter dekret frå Peter den store, fordelt til veteranar frå den store nordiske krigen. Av desse veteranane var òg den nye eigaren av landsbyen, Rtisjtsjev og landsbyen vart kalla Rtisjtsjevo etter han.

I 1868 avgjorde ein Semstvo-komite for bygging av jernbanen Tambov-Saratov å opprette ein Stasjon av andre klasse i Rtisjtsjevo og stasjonen var i drift frå 1871. I samband med bygginga av jernbanestasjonen oppstod det fleire mindre busetnader i området rundt landsbyen og stasjonen. Rtisjtsjevo danna saman med desse busetnadene eit eige forvaltingsdistrikt, som bestod til 1917. Då vart Rtisjtsjevo rajon oppretta, med Rtisjtsjevo som administrativt senter. I 1920 fekk Rtisjtsjevo bystatus.

Nansen-fondet[endre | endre wikiteksten]

På vegne av Den internasjonale Raude Kross-komiteen oppretta Fridtjof Nansen i 1921 eit fond for å hjelpe dei svoltråka i Volga-regionen. Som følgje av Nansen-fondet vart det oppretta to matsalar i Rtisjtsjevo, der 830 foreldrelause barn fekk gratis mat. Det vart òg gjeve middagar til familiar som trong det og til flyktningar. 29. november 1921 stoppa Nansen i Rtisjtsjevo, på veg tilbake frå Saratov. Han vart i Rtisjtsjevo i tre daga og budde på jernbanestasjonen. Her sette han opp distribusjonsbasen for hjelp til dei sveltande, kontrollerte at dei foreldrelause barna fekk maten dei trong og vitja stader der rasjonane vart utlevert i landsbyene rundt Rtisjtsjevo.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Rtisjtsjevo ligg der jernbanelinjene TambovSaratov og PenzaPovorino møter kvarandre. Dette ser ein att i næringslivet i byen, som er dominert av jernbaneretta verksemder. Dette utgjer ein fjerdedel av arbeidsplassane i byen. I tillegg finst det eit større slakteri og kjøtthandsamingsfabrikk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]