Kilegrend

Koordinatar: 59°0′33″N 8°16′23″E / 59.00917°N 8.27306°E / 59.00917; 8.27306
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°0′33″N 8°16′23″E / 59.00917°N 8.27306°E / 59.00917; 8.27306 Kilegrend er den sørlegaste grendi i Fyresdal kommune i Telemark. Grendi ligg langs Fv355 i sørenden av Fyresvatn på grensa mot Nissedal kommune. Kilegrend har eigen campingplass, Øyne camping, og hadde fram til midten av 90-talet eigen skule. Etter at denne vart lagt ned har folketalet i Kilegrend vorte halvert.