Nissedal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nissedal kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Treungen
Areal 905 km²
 - land 789 km²
 - vatn 116 km²
Folketal 1 443 (1. januar 2016)
Folketettleik 2 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Halvor Homme (Ap)
Kommunenummer 0830
NO 0830 Nissedal.svg
Wikimedia Commons: Nissedal
Nettstad: www.nissedal.kommune.no

Nissedal kommune er ein kommune i Telemark fylke, som grensar til Fyresdal i vest, Kviteseid i nord, Drangedal i aust og i sør til tre kommunar i Aust-Agder: Gjerstad, Vegårshei og Åmli.

Kommunen omkransar innsjøen Nisser, og har fleire mindre vatn og innsjøar. Dei viktigaste næringsvegane er industri, kraft og småbruk. Kommunesenteret Treungen er den einaste tettstaden i kommunen.[1]

Nissedal kommune vart til i 1838, då han vart skild ut frå Kviteseid. Namnet stammar frå innsjøen Nisser. Kommunevåpenet har tre raude nisseluver på gull grunn og spelar på kommunenamnet.[2]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Kyrkjebygda i Nissedal
Vanntårnet og lokstallen på nedlagd Treungen stasjon

Jordbruk er den viktigaste næringa i Nissedal, og kommunen har fleire smågardar. Skogen er viktig for gardsdrifta og det vert avverka om lag 21 000 m³ tømmer årleg. Seks kraftverk innan kommunen gir ein årleg produksjon på 535 GWh.

Det finst noko trevareindustri og produksjon av dyrefôr i kommunen. Turisme har òg vorte viktig dei seinare åra, og Nissdeal har både hyttegrender og campingplassar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Nissdeal kommune er gjennomskoren av den 35 km lange innsjøen Nisser. Busetnaden held for det meste til på austsida av Nisser, med kommunesenteret Treungen i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda i nord. Sør for innsjøen finst det moreneavsetjingar med store furumoar.

Dalføret langs Nisser har bratte sider, og frå der innsjøen ligg lyftar landskapet seg snøgt til ei fjellvidd med toppar på kring 800-1000 moh. Høgste punkt er Førheinutane på 1049 m.o.h., som ligg på grensa til Fyresdal i nordvest.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 41 går gjennom kommunen frå nord til sør på austsida av Nisser. På vestsida av innsjøen går ein fylkesveg frå Treungen til Fjone og Sundsodden, med kabelferje til austsida. Fylkesveg 355 fører frå Tjønnefoss til Fyresdal i nordvest og fylkesveg 358 frå Drangedal over Gautefallheia til Treungen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Det finst fleire hellemålingar i kommunen. Ved garden Trontveit på vestsida av Nisser finst ei hellemåling i ein ovande bratt fjellvegg. Denne stammar truleg frå bronsealderen. Ved Kvithamar lenger nord er det òg funne hellemålingar. Søraust for Treungen står Treungen kyrkje.[1]

Kjende folk frå Nissedal[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jan Erik Nilsen (19. mai 2012). Nissedal. Store Norske Leksikon. Vitja 19. juli 2010.
  2. Eirik Helleve (28. oktober 2011). Nissedal kommune, Telemark. Allkunne. Vitja 19. juli 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Koordinatar: 59°1′10.5″N 8°31′16.6″E