Kilkenny

Koordinatar: 52°39′2″N 7°15′2″W / 52.65056°N 7.25056°W / 52.65056; -7.25056
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kilkenny
Byvåpenet til Kilkenny
Byvåpenet til Kilkenny


Plassering
Kilkenny is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Kilkenny
Geografi
Flatevidd
 - By

3,74 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik

22 719
  6 075/km²
Koordinatar 52°39′2″N 7°15′2″W / 52.65056°N 7.25056°W / 52.65056; -7.25056
Høgd over havet 60 m
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.kilkennycity.ie

Kilkenny (irsk Cill Chainnigh, tyder «St. Canice-kyrkja») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Kilkenny og ligg søraust på Irland. Sjølve byen har kring 8 000 innbyggjarar, men med omland kjem innbyggjartalet opp i 22 000. Byen har status som city i Republikken Irland (i motsetnad til town), og er den minste av desse byane i landet, både i areal og innbyggjartal. Kilkenny ligg ved elva Nore og er kjend for historia si og nattelivet.

Kilkenny fekk kongeleg privilegium i 1609 av Kong Jakob I.

Kilkenny er den einaste byen i Republikken Irland med status som city som ikkje har teknisk høgskule eller universitet. Han er òg den einaste av desse byane som ikkje ligg ved kysten, eller der vatnet i elva ikkje vert påverka av tidvatn.

Byen er kjend for bryggeriet sitt, som i dag er eigd av Guinness. Ølet Smithwicks vert produsert her, men utgjer berre ein brøkdel av produksjonen. Ølet Kilkenny vart produsert med tanke på eksport til Europa, sidan Smithwicks vart rekna som vanskeleg å uttale for ikkje-engelskspråklege.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]