Guinness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Guinness (fleirtyding).
Guinness' sterkøl.

Guinness er ein tørr stout (overgjæra, sterkt øl) som har opphavet sitt i St. James's Gate Brewery i Dublin i Irland, som var bryggeriet til Arthur Guinness. Ølet er basert på det mørke ølet som vart utvikla i London tidleg på 1700-talet. Guinness er eit av dei mest vellukka ølmerka i verda og blir eksportert internasjonalt. Det har òg kome mange etterlikningar. Særmerket og smaken til ølet er baser på nybrend bygg som held seg ugjæra. I mange år vart ein del av ølet aldra for å gje ein skarp laktosesmak, men Guinness vil ikkje gje svar om denne prosessen framleis skjer. Den tjukke kremaktige toppen er eit resultat av ei nitrogenblanding som blir laga til under tappeprosessen.

Guinness er nå tilgjengeleg over heile verda og ølmerket er framleis tett assosiert med Irland trass i at hovudkontoret har vore i London i England sidan 1932, og vart sidan vidareutvikla til multinasjonalt alkoholkonglomerat og omdøypt til Diageo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]