Kim Ojo
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fødd | 2. desember 1988 (37 år) | ||
| Fødestad | Warri i Nigeria | ||
| Høgd | 192 cm | ||
| Posisjon | Midtstoppar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag |
| ||
| Nummer | 6 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
|
| |||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2006-07 2008-10 2011- |
|
76 (37) 57 (26) [1] 2 (1) | |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 2. april 2013 | |||
Kim Ojo (fødd 2. desember 1988) er ein nigeriansk fotballspelar som spelar for KRC Genk. Han er spiss og spelte for den norske klubben Brann til og med 2012-sesongen. Han har tidlegare spelt for Nybergsund IL og er 192 cm høg.
Ojo var Nybergsund sin toppskårar i 1. divisjon i tre sesongar på rad, med 10 mål i 2008, 14 mål i 2009 og 13 mål i 2010. I mai 2010 uttalte han at han ikkje var interessert i å spele for dåverande Tippeliga-leiar Tromsø, som på det tidspunktet var ute etter nye angrepsspelarar. Han ville heller spele for Inter Milan under Jose Mourinho.[2] Men 8. desember 2010 blei det klart at Ojo hadde signert kontrakt med Sportsklubben Brann. Kontrakten strekkjer seg til og med 2013-sesongen.[3]
Ojo debuterte i Tippeligaen for Brann i første serierunde i 2011-sesongen, heime mot Rosenborg 20. mars 2011. Han skåra i den kampen 1-0-målet for Brann etter 11 minutt. 2011-sesongen i Brann vart ein stor suksess for Ojo. Han spelte fast på laget og vart Brann sin toppskårar i serien, med 15 mål.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Norsk og internasjonal fotballstatistikk
- ↑
- ↑ Brann.no Kim Ojo signerte for Brann, arkivert frå originalen 11. desember 2010, henta 19. mars 2011