Rosenborg Ballklub

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rosenborg
RBK u pos.png
Fullt namn Rosenborg Ballklub
Kallenamn Troillongan, Troillan
Kort namn RBK
Grunnlagd 19. mai 1917
Heimebane Lerkendal stadion
(kapasitet: 21 405 seter)
Styreleiar Ivar Koteng
Sportsdirektør Stig Inge Bjørnebye
Hovudtrenar Kåre Ingebrigtsen
Liga Tippeligaen
Tippeligaen 2015 1
Nettstad Heimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Rosenborg Ballklub (RBK) er ein fotballklubb frå Trondheim. Rosenborg spelar denne sesongen i Tippeligaen. Noverande hovudtrenar er Kåre Ingebrigtsen.

Klubben vart stifta i 1917 under namnet Odd, men skifta namn til Rosenborg Ballklub i 1927. Dei har imponert både ved at dei vann Tippeligaen 13 sesongar på rad (19922004) (i Europa berre slått av Skonto Riga, Latvia), og ved å kvalifisere seg til Meisterligaen kvart år sidan starten, med unnatak av hausten 2003 og 2006. I 2005 kom Rosenborg berre på 7. plass i eliteserien, men vann att i 2006.

Noverande tropp[endre | endre wikiteksten]

Oppdatert 6. mai 2016 [1]

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Noreg MV André Hansen
2 Flagget til Noreg FS Jonas Svensson
3 Flagget til Sverige FS Mikael Dorsin
4 Flagget til Noreg FS Tore Reginiussen
5 Flagget til Island FS Hólmar Eyjólfsson
7 Flagget til Danmark MS Mike Jensen Kaptein
8 Flagget til Noreg MS Anders Konradsen
9 Flagget til Danmark AS Christian Gytkjær
10 Flagget til Island AS Matthías Vilhjálmsson
11 Flagget til Noreg AS Yann-Erik de Lanlay
12 Flagget til Noreg MV Alexander Lund Hansen
14 Flagget til Noreg FS Johan Lædre Bjørdal
15 Flagget til Kosovo AS Elba Rashani (på lån frå Brøndby)
16 Flagget til Noreg FS Jørgen Skjelvik
Nr. Posisjon Spelar
17 Flagget til Noreg MS John Hou Sæter
18 Flagget til Noreg MS Magnus Stamnestrø
19 Flagget til Noreg AS Andreas Helmersen
20 Flagget til Australia FS Alex Gersbach
21 Flagget til Noreg MS Fredrik Midtsjø
22 Flagget til Noreg MS Sivert Solli
23 Flagget til Noreg AS Pål André Helland
24 Flagget til Finland AS Riku Riski
28 Flagget til Island MS Gudmundur Thorarinsson
30 Flagget til Estland MV Pavel Londak
31 Flagget til Noreg FS Per-Magnus Steiring
32 Flagget til Noreg FS Erlend Dahl Reitan
33 Flagget til Noreg MV Julian Faye Lund

Utlånte spelarar[endre | endre wikiteksten]

Merknad: Flagg indikerer landslaget spelaren kan spele for. Spelaren kan ha fleire nasjonalitetar.

Nr. Posisjon Spelar
Flagget til Danmark AS Emil Nielsen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Klubben har hatt to «gullaldrar». I 1960-åra spelte klubben seg opp frå å vera eit ukjent lag, til å vinne cupen to gonger (i 1960 og i 1964), og dessutan serien to gonger (i 1967 og i 1969). Av dei mest kjende spelarane frå denne tida, er Odd Iversen og Harald Sunde.

RBK tok sølv i serien i 1970 og tok «The Double» i 1971. Sunde og Iversen vart selt som par til Racing Mechelen i 1970. Sunde kom tilbake til Rosenborg i 1972, Iversen i 1973.

Neste gullalder starta med seriegull i 1985, og etter at Nils Arne Eggen gjorde comeback som trenar i Rosenborg i 1988, har klubben dominert norsk fotball.

Trond Sollied trente klubben eit mellomår for Eggen i 1998. Da Eggen gav seg i 2003, tok Åge Hareide over som trenar, men han slutta for å bli trenar for herrelandslaget etter berre eitt år. Tidlegare assistenttrenar Ola By Rise tok over trenarjobben året etter, men fekk sparken etter den eine sesongen, sjølv om laget vann Tippeligaen – rett nok med eit naudskrik – og kvalifiserte seg for Meisterligaen igjen. Assistenttrenar for Ola By Rise, Per Joar Hansen, tok da over som hovedtrenar, og fekk med seg Nils Arne Eggen, Bjørn Hansen og Rune Skarsfjord som i støtteapparatet på trenarsida.

Ut over i sesongen 2005, synte det seg at resultata vart dårlegare enn forventa. Den 7. august gjekk Per Joar Hansen av som trenar. Den 8. august vart det klart av Per-Mathias Høgmo vart ny hovudtrenar. Etter ein dårleg start under Høgmo si leiing, gjekk det betre mot slutten av 2005-sesongen. Rosenborg blei til slutt nr. 7 i eliteserien. Høgmo leia også Rosenborg til gruppespelet i meisterligaen. Hausten 2006 vart Høgmo sjukmeldt, og klubben vart leidd fram til seriemeisterskap av Knut Tørum. Høgmo trekte seg 31. oktober 2006, og Tørum tok da over som trenar. 25. oktober 2007 vart det kjent at Tørum hadde fått sparken på grunn av manglande resultat i serien, og assistentrenar Trond Henriksen tok over trenarjobben. Trenarskiftet vart offentleggjort dagen etter at Rosenborg hadde slått Valencia 2-0 i Meisterligaen.

Meisterligaen[endre | endre wikiteksten]

RBK har delteke i Meisterligaen (engelsk: Champions League) kvart år sidan 1995, med unnatak av hausten 2003, da dei rauk ut i kvalifiseringa og måtte spela UEFA-cup i staden, og 2006, da dei pga. 7. plass i Noreg året før ikkje spelte kvalifisering. Som ein av dei største prestasjonane til RBK, hugsar mange 2–1-sigeren borte mot AC Milan i desember 1996. Han førte til at AC Milan vart slått ut etter gruppespelet, og RBK gjekk vidare til kvartfinalen. Der vart likevel RBK slått ut av Juventus, etter å ha spelt 1–1 heime og tapt 2–0 i Torino.

Stadion[endre | endre wikiteksten]

Lerkendal stadion vart innvidd 10. august 1947 og fekk installert flaumlys i 1968. «Nye Lerkendal» stod ferdig i oktober 2002 og har ein kapasitet på 21 166 tilskodarar.

Publikumsrekorden er 28 619, frå 15. oktober 1985, i ein seriekamp mot Lillestrøm.

Triumfar[endre | endre wikiteksten]

Seriemeisterskap[endre | endre wikiteksten]

1967, 1969, 1971, 1985, 1988, 1990, 1992, 1993, 1994, 1995, 1996, 1997, 1998, 1999, 2000, 2001, 2002, 2003, 2004, 2006, 2009, 2010, 2015.

Cupmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

1960, 1964, 1971, 1988, 1990, 1992, 1995, 1999, 2003 og 2015.

Toppscorarar i serien[endre | endre wikiteksten]

År Namn Mål
1967 Odd Iversen 17
1968 Odd Iversen 30
1969 Odd Iversen 26
1970 Erling Meirik 5
1971 Bjørn Wirkola og Arne Hansen 6
1972 Arne Hansen 9
1973 Odd Iversen 9
1974 Odd Iversen 11
1975 Odd Iversen 9
1976 Magnar Florholmen 11
1977 Steinar Nilsen og Kjell Øyasæther 3
1979 Viggo Sundmoen og Jørgen Sørli 7
1980 Viggo Sundmoen 11
1981 Odd Iversen 9
1982 Sverre Brandhaug 9
1983 Håvard Moen 8
1984 Sverre Brandhaug 13
1985 Gøran Sørloth 12
1986 Sverre Brandhaug 7
1987 Andre Nieuwlaat 9
1988 Sverre Brandhaug 10
1989 Jahn Ivar Jakobsen 18
1990 Jahn Ivar Jakobsen 17
1991 Karl Petter Løken 12
1992 Tore André Dahlum 13
1993 Gøran Sørloth 7
1994 Harald Martin Brattbakk 17
1995 Harald Martin Brattbakk 26
1996 Harald Martin Brattbakk 28
1997 Sigurd Rushfeldt 25
1998 Sigurd Rushfeldt 27
1999 Sigurd Rushfeldt 15
2000 Frode Johnsen 9
2001 Frode Johnsen 17
2002 Harald Martin Brattbakk 17
2003 Harald Martin Brattbakk 17
2004 Frode Johnsen 19
2005 Thorstein Helstad 13
2006 Steffen Iversen 17
2007 Steffen Iversen 13
2008 Steffen Iversen 10
2009 Rade Prica 17
2010 Steffen Iversen 14

Klubbprofilar[endre | endre wikiteksten]

Med 16 seriegull og fem kongepokalar er Roar Strand den mestvinnande spelaren i norsk fotball
Kåre Rønnes Jan Hansen Bent Skammelsrud
Sverre Fornes Ola By Rise Erik Hoftun
Eldar Hansen Sverre Brandhaug Roar Strand
Nils Arne Eggen Knut Torbjørn Eggen Harald Martin Brattbakk
Odd Iversen Gøran Sørloth Steffen Iversen
Tor Røste Fossen Rune Bratseth Sigurd Rushfeldt
Jan Christiansen Karl Petter Løken Fredrik Winsnes
Harald Sunde Kåre Ingebrigtsen
Erling Meirik Ørjan Berg
Svein Grøndalen Jahn Ivar Jakobsen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]