Kirill Lemokh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kirill Lemokh
Lemokh KV.jpg
Verkeleg namn Кирилл Викентьевич Лемох
Fødd 7. juni 1841
Moskva
Død

24. februar 1910 (68 år)
St. Petersburg

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Sjanger sjangermåleri
Kirill Lemokh på Commons

Kirill Vikentievitsj Lemokh, også kjend som Carl Johann Lemoch (7. juni 184124. februar 1910) var ein russisk sjangermålar og medlem av Det russiske kunstakademiet.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Far hans var ein musikklærar frå Tyskland.[1] Frå 1851 til 1856 studerte han ved Moskva-skulen for måling, skulptur og arkitektur under Jegor Jakovlevitsj Vasiliev. I 1858 byrja han ved Det russiske kunstakademiet, der han studerte historiemåleri med Pjotr Basin og Aleksej Tarasovitsj Markov.

Fem år seinare, i 1863, tok han del i protesten som skulle bli kjend som "Opprøret til dei fjorten", utført av målarar som føretrekte den nye realistiske stilen framfor den klassisistiske stilen som Kunstakademiet la vekt på. Han og dei andre kunstnarane trekte seg frå akdemiet med graden kunstnar av andre klasse. Dei danna Kunstnarkollektivet (Artel), leia av Ivan Kramskoj.[2] Fem år seinare tok han del i ei tevling ved Akademiet, og blei kunstnar av fyrste klasse.[2] Deretter arbeidde han med å gje teiknetimar til aristokratiske familiar og bygde eit atleier i Khovrino, der han måla om sommarane.[3]

I 1870 gjekk han saman med Grigorij Mjasojedov om å skipa Peredvizjniki, samansluttinga av vandreutstillingar. Ei kort tid blei han kasta ut av samansluttinga for å ikkje produsera verk til rett tid, men han kom inn att i 1879, og blei styremedlem og kasserar.[2]

Medan han framleis var medlem av Artel, tok han imot ein førespurnad om å gje private teiknetimar til ungane til den framtidige tsar Aleksander III, og heldt fram med dette i fleire år. Olga Alkeksandrovna var ein av dei beste elevane hans i familien, og fortsette å vera kunstinteressert livet ut.[1] Han blei medlem av Kunstakademiet i 1893, fekk ein livspensjon og blei kurator for kunstsamlinga ved Det russiske museet til han gjekk av med pensjon i 1909.[2]

Verk i utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Irina Kornilyeva, "Kirill Vikentievich Lemokh", Parish magazine Лампада (Lampada), Moscow 2005, oktober, s.6-7 Arkivert 2016-03-03 ved Wayback Machine.
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Энциклопедический словарь Брокгауза и Ефрона (Brockhaus and Efron Encyclopedic Dictionary), edited by K. K. Arsenev and F. F. Petrushevsky, Saint Petersburg, 1896, vol.XVIIA (Ледье – Лопаревъ), pg.960
  3. Irina Kornilayeva: Кirill Lemokh "In Summer, With Congratulations", Parish newspaper Лампада (Lampada), Moscow , 2008 July–August Arkivert 2012-07-16 ved Wayback Machine.

 

Vidare lesing[endre | endre wikiteksten]

  • N. M. Bykovsky, "Kirill Vikentevich Lemokh. (In Memory of a Long Friendship), Московский еженедельник (Journal), Moscow 1910, #14, pgs.23-30 [1]
  • Y. D. Minchenkov, Воспоминания о передвижниках (Memories of the Itinerant), fifth edition, Saint Petersburg, Художник РСФСР, 1964, pgs.68-76 [2]