Kirkcaldy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kirkcaldy

skotsk-gælisk Cair Chaladain
Kirkcaldy.jpg
Plassering
Kirkcaldy is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

48 630
Koordinatar 56°7′″N 3°10′″WKoordinatar: 56°7′″N 3°10′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer KY1, KY2
Telefon-retningsnummer 0 1592
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kirkcaldy

Kirkcaldy er ein by i regionen Fife i Skottland. Han har kring 48 500 innbyggjarar. Han ligg på nordsida av Firth of Forth. Byen er kjent for produksjon av linoleum og for sitt årlege, vekeslange Links Market, som er den lengste gatemarknaden i Europa og som i 2004 feira 700-årsjubileum. Kirkcaldy har ei av dei lengste utbygde kystgatene i Europa.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet «Kirkcaldy» er avleidd frå piktisk caer, 'festning' og caled, som anten tyder 'hard' eller er eit personnamn. Tydinga av namnet kan dermed anten vera 'den harde festningen' eller 'Caled-festningen'.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det første dokumentet som nemner byen er frå 1075, då kong Malcolm III (regjerte 1058–93) gav heradet Kirkcaladunt til kyrkja i Dunfermline.[2][3]

På 1600-talet vart eit av dei første latviske konsulata opna i Kirkcaldy.

Dysart, ein tidlegare by og burgh, har vorte omringa av Kirkcaldy. I 1930 vart Dysart gjort til ein del av Kirkcaldy av parlamentet.

Mellom 1975 og 1996 utgjorde byen med omland eit administrativt distrikt.

Kjende folk frå Kirkcaldy[endre | endre wikiteksten]

Kirkcaldy er fødestaden til filosofen og økonomen Adam Smith,[4] kjend for verket The Wealth of Nations, som han skreiv i mora sitt hus her, 220 High Street, i 1765–1767.[5] Arkitekten og formgjevaren Robert Adam og far hans, William var også frå byen.[6] Sir Sandford Fleming (1827–1915), ein ingeniør som stod bak utivklinga av standard tidssoner over heile verda og som arbeidde på mykje av jernbanesystemet i Canada, var fødd her.[7] Oppdagaren John McDouall Stuart, som leia seks ekpedisjonar til det indre av og frå sør til nord av Australia, var frå Dysart.[8]

Den britiske statsministeren Gordon Brown, som også var parlamentsmedlem for Kirkcaldy and Cowdenbeath, voks opp i byen frå han var tre år gammal.[9][10] Krimforfattaren Val McDermid vart fødd her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Taylor and Márkus 2006, s. 487.
  2. MacBean 1908, s. 33–34.
  3. Glen 2007, s. 13.
  4. Kirkcaldy Civic Society 2005, p.67.
  5. Torrie and Coleman 1995, s.29.
  6. Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 60.
  7. Kirkcaldy Civic Society 2005, p.62.
  8. Kirkcaldy Civic Society 2005, s. 70–71.
  9. Allport, 2009, p.18.
  10. Wheeler, Brian (27 July 2007). «The Gordon Brown Story». BBC News. Henta 25 February 2011.